onsdag 16. februar 2011

Studentresponssystem 1

Ein konferanse i Førde i 2009 var mitt første møte med Rune Krumsvik sine "metometerknappar". Seinare har eg blitt klar over at slike studentresponssystem er mykje brukt i høgare utdanning, særleg i USA, men også i Noreg. I store auditorium er dette ein måte elevane kan få kontakt med forelesaren, og verte delaktige i undervisninga.


Kva er studentresponssystem?


Her finst mange ulike løysingar. Microsoft har ein PowerPoint plug-in, Mouse Mischief, som enkelt kan lastast ned gratis frå nettet. Her treng kvar elev ei mus, som vert kopla opp mot læraren sin PC. Med musa får då eleven tilgang til læraren sin PowerPoint presentasjon.

Ei anna løysing er responsbrikker der elevane kan velje mellom ulike svaralternativ. Her trykkjer elevane på 1- talet for å velje alternativ 1 osv. Ein mottakar er kopla til læraren sin PC, og dataa vert overført til læraren sin PC. Slike system finst i fleire variantar og prisklasser.

Eit tredje alternativ er programvare der elevane kan bruke PC eller mobiltelefonar som responsbrikker, og bruke desse til å velje svaralternativ. Sjå t.d. Turning Technologies eller eInstruction for å lese meir om ulike løysingar.

Felles for alle systema er at elevane sine svar vert integrert i læraren sin presentasjon, og framstilt grafisk i diagram. Ein kan leggje til nedtellingsanimasjonar eller teljarar slik at ein ser kor lang tid elevane har på å svare, og kor mange som har svart. Etterpå kan datamaterialet lagrast.


Studentresponssystem i vidaregåande skule?


Har denne teknologien noko å tilføye norske klasserom? Eg ser føre med slike system brukt på tre måtar:

I enklaste form tenkjer eg slike system som ein måte å halde elevane si oppmerksamheit under ein gjennomgang av eit tema. Elevane vert delaktige i presentasjonen, og ein kan stille kontrollspørsmål som gir elevane ein grunn til å følgje med.

For å kartleggje forkunnskapane til elevane kan ein stille elevane ulike spørsmål før ein tek til å arbeide med eit emne. Slik kan både elevar og lærarar vere medvitne om kva elevane kan frå før, og kva ein skal til å lære meir om. Kombinert med ein tilsvarande test etter ein har jobba med emnet, vil ein få synleggjort den læringa som har skjedd i perioden. Dette trur eg kan verke motiverande for elevane. Både i forhold til å verte merksame på det ein ikkje kan, samtidig som ein får retta fokuset framover mot den kunnskapen ein ønskjer at elevane skal sitje igjen med etter opplæringa. Her kan ein også vinkle dei ulike spørsmåla ein stiller inn mot læringsmål og kompetansemål. Gjort anonymt i full klasse vil ikkje slike testar verke truande for elevane.

Det kan også vere interessant å stille elevane spørsmål om kva dei meiner om ulike tema. Mange kompetansemål går på at elevane skal kunne diskutere ulike tema. Ofte ser ein då at nokre elevar er svært aktive, medan mange er tause og melder seg ut av debatten. Ved å bruke responssystem kan ein få fleire av elevane "i tale", samtidig som dei resultata ein får i avstemminga vil kunne vere eit godt utgangspunkt for vidare diskusjonar.

Korleis dette fungerer i praksis gjenstår å sjå. Eg har nett laga min første presentasjon med denne teknologien, og gledar med til å prøve den ut på elevane. Det skal bli spennande å høyre kva dei synest.

3 kommentarer:

  1. Hei, kva system har du nytta og var bruken vellukka?

    SvarSlett
  2. Hei. Eg prøvde eit system frå TurningPoint med IR-responsbrikker. Presentasjonane var greie å lage, men fekk problem med at PowerPoint slutta å fungere under presentasjonen. Må prøve litt meir å sjå om det framleis er eit problem, og kva det ev. kan skuldast.

    SvarSlett
  3. Hei igjen, noko nytt om responssystemet?

    SvarSlett