tirsdag 22. februar 2011

Test av Devilo Vianect Air TV (Trådlaus overføring frå PC til videokanon og TV)

Kjøpt på: Netonnet

Pris: 1 398 inkl porto. (I skrivande stund finn eg den til kr 987 hos Pixmania)

Leveringstid: ca 6 dagar


Bakgrunnen for denne artikkelen er at eg har sakna raskt å kunne kople meg til videokanonar i klasserom og auditorium, utan å måtte strekkje opp ein lang kabel. Eg ynskjer også å sjå på om løysinga med berbar pc (tablet) kombinert med dette produktet kan vere eit alternativ til relativt mykje dyrare digitale tavler.


At produktet kan nyttast til ei trådlaus kopling mellom tv og pc verkar også spennande.


Å få hentelapp frå Posten er som reine julekvelden for meg, og sidan det er laurdag og fridag er det ekstra hyggjeleg. Eg spring så snøslapsen sprutar ned mot postkontoret for å hente denne spennande pakken. Så er det full fart heim og pakke opp og kople til.

Må dessverre installere programvara som følgjer med før eg kan kople usb-sendaren til pc-en. Sjølve installasjonen går fint, og tek ca 5 min. Så skal sendar og mottakar ”parast”, og dette skjer automatisk. Mottaren kan koplast til tv-en med enten vga-kabel eller hdmi-kabel. Dette fylgjer dessverre ikkje med i pakken, og eg må ned i kjellaren for å leite. I ei stor øskje som inneheld ein gammal skannar, ein skrivar, gamle vhs-kassettar, dvd-ar, cd-romplater, blekkpatroner og tusen andre kablar, finn eg til slutt ein vga-kabel. Koplar denne til vga-inngangen på tv-en og til mottakaren, og vips så har eg pc-biletet mitt forstørra opp til 42-tommar i stova, TRÅDLAUST.


Etter ei stund med utforsking merkar eg det manglar lyd ved overføring av filsnuttar frå You-tube. Grublar litt, men skjønnar at dette er ganske logisk i og med at vga-kabelen berre overfører bilete frå mottakaren til tv-en. Ser litt nærmare på mottakarboksen og finn at den også har ein 3,5 mm lydutgang. Ned i kjellaren i den store øskja for å hente ny kabel. Klarer no å få til ei kopling mellom mottakaren og tv-en, og lyden er på plass. At eg seinare klarer å kople lyden inn på stereoanlegget er også ganske kult.


Måndag morgon er eg i gang med å teste produktet ut på skulen. Koplar meg opp mot projektoren på møterommet. Alt går smertefritt og eg leikar meg litt med å styre projektoren på møterommet frå kontoret over gangen. Dei som sit på møterommet skjønnar sjølvsagt ingenting og eg høyrer dei snakkar om virus og datakapring :-).


Førebels konklusjon er at produktet fungerer godt også som trådlaus oppkopling mot projektor. Neste forsøk er oppkopling mot projektoren i auditorium. Der begynner problema. Eg får berre kontakt med projektoren i korte blink. Pc-en har dårleg batteri og alle forsøk på å få skikkeleg kontakt med videokanonen er mislukka. Til slutt sloknar sjølvsagt pc-en. Haka fell ned mot brystkassa og eg er skikkelig skuffa, tenkjer at her er det berre å returnere heile skramlet.


Dei som kjenner meg veit at eg er ein skikkelig stabukk, som berre skal få til ting eg først har gitt meg ut på, og det stemmer også i dette tilfellet. Litt straum til pc-en og eg er i gang att. Løysinga for å få kontakt med videokanonen er sjølvsagt så enkel som å justere ned oppløysinga på pc-en, og optimismen rår igjen.


Produktet er etter dette testa i fire klasserom og i kantina. Med unntak av at nokre av videokanonane krev at eg justerer ned oppløysinga, har eg ikkje hatt noko problem. I følgje spesifikasjonane kan ein bevege seg i ein radius på 10 meter frå mottakaren, og eg kan stadfeste at dette at stemmer. Både lyd og bilete ser ut til å fungere fint når eg tar med meg pc-en rundt om i klasserommet.


Litt av formålet med denne artikkelen er å få til ei erfaringsutveksling omkring trådlause videokanonar. Eg har funne eit anna produkt som nyttar ein anna teknologi, men ikkje testa ut dette. Sjå link nedanfor.

Brosjyre alternativt produkt:


Pris på alternativt produkt


Det finst nok også videokanonar som har innebygd trådlaus mottakar. Hadde vore veldig kjekt om nokon ville leggje inn sine erfaringar med bruk av desse i ”kommentarfeltet” nedanfor.

Endeleg konklusjon er at produktet ser ut til å fungere godt, så no står det berre att å finne gode pedagogiske argument for at dette også fører til auka læring :-).


TT







4 kommentarer:

  1. Flott artikkel Terje, men spørsmålet er om ein ikkje heller bør satse på prosjektorar som har teknologien innebygd...

    Torstad skule har gjennomført ei større omlegging der elevar og lærarar trådlaust kommuniserer mot prosjektor (http://www.nds.no/?ItemID=1345).

    SvarSlett
  2. Takk for nyttig tips, Jarle. Dette hadde vore kjekt å fått til her hos oss også, ja.

    SvarSlett
  3. Kunne virkelig tenke meg at dykk skreiv ein meir presis og saklig artikkel, istaden for det som virkar som ein stil med alt for mange beskrivelsar av hendigar og gjenstandar som har veldig lite med artikkelen å gjere.

    Alt i alt. Enig med det jarleha64 sa...

    SvarSlett
  4. Positiv at du kommenter artikkelen Vegar. Tilbakemeldingar er alltid viktige å få. Dersom du meiner noko er upresist så kan du gjerne kontakte meg direkte på telefon/e-post så skal eg prøve å rette opp evt. feil i innlegget.

    Eg oppfattar bloggsjangeren som såpass uformell at det er høve til å vere litt raus med adjektiva, men ser poenget ditt :-)

    SvarSlett