torsdag 19. mai 2011

NKUL 2011: Betre resultat i matematikk med IKT?

På NKUL 2011 presenterte Kjetil Idås frå Horten vidaregåande skule sitt opplegg for å auke motivasjon og læring i matematikk. Utgangspunktet hans var at mange av elevane manglar motivasjon for å lære matematikk, og at ein ved å bruke relevante og aktuelle oppgåver samt IKT i undervisninga oppnår auka motivasjon og betre resultat. Horten vgs har lang erfaring med bruk av berbare PC-ar og IKT i skulen, og har vore demonstrasjonsskule frå 2006-2009. Kjetil Idås viste til resultat frå 2P 2010/2011 der klassa hadde eit snitt på 2,34 ved skulestart. I april hadde dette blitt heva til 4,4. Dette er langt over fylkessnittet ved eksamen 2009/2010 som var på 3,0, og landssnittet på 2,8.

Han peika på tre viktige punkt i arbeidet sitt:
  • Bruk av IKT i matematikk må vere noko meir enn å ta i bruk ein ny kalkulator. Stikkord for å nytte IKT er betre effektivitet, betre kvalitet, visualisering av data og tilgang og deling av informasjon.
  • Bruk av IKT gir struktur og orden i arbeidet med matematikk. Han nytta  TI-nspire CAS programvare frå Texas Instruments, der elevane opererte med ei fil pr. kapittel. Kombinert med digitale innleveringar i LMS har han alltid tilgang til elevane si arbeidsbok.
  • Bruk av IKT gir betre kvalitet på arbeidet (her brukte han eit døme med teikning av graf). Når arbeidet ser ryddig, pent og ordentleg ut gjer det noko med sjølvfølelsen til elevane.
Sjå PDF frå presentasjonen til Kjetil Idås, eller les meir om korleis han arbeider på bloggen hans Kjetil - about maths.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar