fredag 27. mai 2011

Photo Story gjer det enkelt å lage informasjonsvideoar

Gjennom vidareutdanninga i IKT har mange av oss blitt kjende med programmet Photo Story. Programmet er eit gratisprogram frå Microsoft og lar oss på ein svært enkel måte kombinere bilete, bevegelse (zooming), tekst og lyd. Photo Story er enkelt å laste ned/installere og ein blir på ein intuitiv og enkel måte guida gjennom prosessen frå å laste opp stillbilete til å ende opp med ein flott liten presentasjonsvideo.

På Hafstad vgs har vi nytta dette programmet til å lage ein video som vi nyttar til å orientere elevar, privatistar, lærarar og vakter om korleis ein skal gjennomføre skriftleg eksamen. Videoen er publisert på heimesida vår.

Det er delte meiningar om kvaliteten på dette programmet. Personar som har mykje erfaring med digitale bilete og videoredigering meiner nok at dette er eit program som har svært mange begrensningar. På Hafstad vgs hadde fleire av oss problem med kvaliteten på lydkommentarane som vi las inn, men etter litt finjustering og øving, så ordna dette seg.

Personleg så meiner eg at det enkle brukargrensesnittet er ein stor fordel for nybyrjarar. Alle lærarane som deltok på vidareutdanninga på Hafstad kom raskt i gang med videoproduksjonen og lukkast med å lage flotte men enkle presentasjonar på relativt kort tid. Mi oppfordring er at de testar ut dette programmet, og evt. introduserer det til elevane dykkar. Kanskje kan dette vere ein litt meir spanandes måte presentere neste prosjektarbeid på?

Trykk her for å laste ned programmet Photo Story.

Trykk her for å sjå informasjonsvideoen om eksamen. (Eit av bileta inneheld ein skrivefeil, men dette vil sjølvsagt bli retta i neste versjon :-).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar