tirsdag 25. juni 2013

Ny PC-ordning i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune følgjer i fotspora til Rogaland og Hordaland: Elevane får tilbod om ein standardmodell som elev-PC, men viss dei sjølv ynskjer det, kan dei betale eit mellomlegg som sikrar dei ein langt betre PC, eit nettbrett eller ein Mac.

Dette er ei spennande utvikling, og kanskje er det fyrste steget på veg mot moteordet BYOD - bring your own device. Men sjølv om det er spennande, er det ikkje vanskeleg å sjå utfordringar med ei slik ordning.

Særleg for læraren i klasserommet. Han skal no få til ei undervisning som er plattformuavhengig. Ser vi på røynslene frå Rogaland, syner det seg at særs mange elevar (om lag 70 %) vel å investere i Mac. Det betyr blant anna at lærarar og skular som satsar tungt på OneNote og som kjøper inn Office-pakken til elevane, ikkje får full valuta for pengane. Per dags dato får ein ikkje OneNote til Mac, og viss berre 3 av 10 elevar kan bruke programmet, kan ein like gjerne skrinleggje heile prosjektet. Ein kan sjølvsagt velje Evernote, men det er ikkje like godt.

Den valfridommen som ordninga opnar for, har dermed ein pris. Den same læraren som skal lage god undervisning, må stå til rette når teknologien sviktar. Ein kan gjerne seie at ansvaret ikkje er hans, men i praksis er det han som har eit problem når teknologien sviktar. Sjølv om alt i dag "berre skal fungere", trur eg læraren vil kjenne seg usikker i møte med elevgrupper som sjonglerer med mange ulike PC-variantar.

Og kven skal lære læraren å bruke Mac? Vil skulane kjøpe inn Mac-ar til e-pedagogar slik at dei kan lære lærarar å bruke Mac? Eller er det opp til kvar einskild lærar og kvar einskild elev? Eg er redd for at det er det siste. Sjølv har eg godt grep om PC-ar, men eg kan ikkje Mac. I klassen min er det to Mac-brukarar, og det fører utan tvil til praktiske utfordringar i klasserommet - som eg må løyse.

Men slik går utviklinga. Allereie i dag kan elevane ta med seg sitt eige utstyr. Og det gjer dei - som regel to, kanskje tre dingsar. Sjølv kunne eg ha tenkt meg at vi oppgraderte dagens PC-ordning i staden for at eleven får velje. Tenk om elevane kunne fått ein 13,3" hybrid med touch, digital penn, Windows 8, Office 2013, Lync og Sharepoint-løysingar og skylagring, som på sikt kunne erstatte LMS-et. Det hadde vore grunnlag for meir læring, det.

Denne infrastrukturen vil langt på veg vere tilgjengeleg for elevar i Sogn og Fjordane frå hausten av. Og det er vi glade for. IKT-avdelinga i fylket vårt gjer ein framifrå jobb. Det er berre synd at vi ikkje kan handplukke ein modell som vi meiner er optimal for læring, men eg aksepterer at det ikkje lèt seg gjere. Det har med vilje, valfridom og pris å gjere. I staden får vi bruke sommar til å lære oss Mac - for den saumlause skulekvardagen lèt nok vente på seg.   

2 kommentarer:

  1. Flott artikkel Tor Egil. Ut i frå prisdifferansen mellom grunnmodellen og Mac-ane trur eg kanskje ikkje det vert så mange Eple-pcar i klasserommet likevel. Grunnmodellen er eit greit kjøp, og eg trur dei fleste vil velje denne. Trenden frå dei tidlege kjøparane i Hordaland og Sogn og fjordane viser at ca 3 av 4 elevar vel grunnmodellen. Elles så støttar eg draumen din om at alle elevane kunne hatt ein hybridmodell med tilgang til touch og digital penn.Skal elevane nytte Mac, meiner eg at dei lyt syte for å få innstallert Windows 8 på denne, slik at dei kan gjere seg nytte av fullversjonen av det fantastiske verktøyet OneNote.

    SvarSlett
  2. OneNote er jo bra, men det er ikkje noko krav om det? Støttar IKKJE tanken om at ein skulle låse seg til løysingar som du beskriv. MSOffice og Lync har vore tilgjengeleg for Mac i årevis. Kva TRENG du ein digital penn til?

    Eg tykkjer det er flott at ein ikkje les seg til ei løysing. Microsoft sine løysingar er bra dei karar, men bør ikkje verte dei einaste, så eg applauderer valfridomen i denne ordninga. Dessutan, klarar ein å lære seg Win8 så er ikkje OsX store problemet :)

    H ein flott sommr!

    SvarSlett