mandag 16. august 2010

Oppstart

Da er vi i gang. Forrige uke var vi tre digitale innovatørar samla for å leggje eit løp for arbeidet vårt framover.

Første punkt vil vere å snakke med e-pedagogane i fylket, og kanskje ikkje berre finne ut kvar skoen trykkar, men kva sko dei har og kva sko dei ynskjer. Vi tek kontakt med e-pedagogane i kvar vår region, samlar trådar og inviterer til sosial samling i høve impuls-konferansen på Eid vidaregåande skule, 23. og 24. september.

Impuls-konferansen, i regi av fylkeskommunen, er i kjømda. Samanlikna med i fjor, vert det ein noko meir lokal profil. Vi har snakka med kollegar og lærarar vi veit har kasta seg ut i IKT-verda her i fylket, og bedt dei fortelje om erfaringane sine. Nokre sesjonar vil jamvel gje høve til noko eigentrening.

Det neste vi tenkjer å gjere er å samle erfaringer på nett og få fram dei gode døma på pedagogisk bruk av IKT. Til det brukar vi diigo, som er ei teneste for sosiale bokmerkesamlingar. Om nokre veker presenterer vi starten på samlinga.

Vi samlar og deler erfaringar og tankar gjennom året på denne nettsida. Ut september skal vi ha særleg fokus på 'Klasseleing i det digitale klasserommet'.

Kari Elisabeth Aasebø, Lidvar Berge og Albertine Aaberge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar