tirsdag 21. september 2010

EU-seminar om opplæring av Google-generasjonen

Hand, hjarte og hovudet er stikkord som kan oppsummere Johann Heinrich Pestalozzi sine pedagogiske idear. Han levde på slutten av 1700-talet, og er ein tidleg pedagog som arbeidde for ei humanistisk tilnærming til læring. EU programmet for lærarar og lærarutdannarar har fått namnet Pestalozzi,  og i forrige veke gjekk det ein workshop av stabelen i Bergen med tittelen: "Promoting information literacy in European classrooms - teaching the Google-generation – challenges for teachers and teacher educator". 
Seminaret var mangfaldig og tok for seg moglegheiter og utfordringar vi står ovanfor i det 21. århundre som lærarar.
  
Omlag 50 deltakarar frå 19 europeiske land var samla på 
workshop i Bergen i tre dagar.
Film deg sjølv
Jack Whitehead snakka om korleis lærarar kan betre sin praksis gjennom å filme seg sjølv i situasjoner med elevar, og leggje filmsnuttar ut på nett. Han meinte mange lærarar ikkje veit kor gode dei er saman med elever, og at dette gode handlar om at lærarar har med seg hjarta i jobben. Kamera kan fange og vise slike hendingar. Det er ferdigheiter det er vanskeleg å  setje ord på.

Informasjon- og nettverkskomptanse
Alexandra Papazouglo, sjefsskolebibliotekar frå Aten, fortalde korleis bibliotekpersonalet bidreg til heving av informasjonskompetansen til elevane. Gjennom prosjekt får dei øving i kjeldesøk, kjeldebruk og kildereferanse. For kvart trinn får elevane vanskeligare prosjektoppgåver å løyse, og for kvart år får dei betre informasjonskompetanse. Underteikna og Trygve Tollefsen frå Høgskulen i Bergen introduserte nettverksamfunnet, utfordringar knytt til digitale skiller mellom lærar og elev, og blogg-verktøy som eit innblikk i korleis sosiale media kan brukast i opplæringa.

Nokre turistmål i Bergen vart besøkt i sol og i regn.
Eit miljøperspektiv
Vi fekk og litt å tenke på då Paul Clarke introduserte eit miljøperspektiv på opplæringa. Nokre av utfordringane dagens born og unge vil møte som vaksne vil ha å gjere med klimaendringar. Korleis gjev vi den veksande generasjonen erfaringar som gjer dei i stand til å løyse problem vi ikkje har erfaringar med sjølv? Korleis skal vi forme den globale bevisstheita om til eit globalt ansvar?


Seminaret var svært bra. Utviklinga av informasjonssamfunnet låg til grunn for programmet, og utfordringar knytt til lærarrolla vart sett lys på frå relevante sider som traff både hjarta, handa og hovudet.

"The role of the educator is to teach children, not subjects."


Tusen takk for invitasjonen til seminaret, Helge Skurtveit, Fylkesbiblioteket i Hordaland, og Kari Flornes, høgskulen i Bergen og for anbefaling frå Jill Walker Retteberg.

Kjelden til bildene.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar