onsdag 13. april 2011

Inntrykk frå "Dei gode døma 2011"

Dei digitale innovatørane tok turen til Hordaland fylkeskommune sin inspirasjonskonferanse "Dei gode døma 2011" på Flesland 24.-25. mars. Sjå konferansen si heimeside for lenker til konferansen si Facebookside, samskrivingsdokument og tidlegare presentasjonar. Hovudfokus for konferansen i år var bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeid og skuleleiing i den digitale kvardagen, så her var det mykje spennande å høyre, sjå og prøve ut. Her vil vi presentere nokre av dei inntrykka som vi satt igjen med etter konferansen.

Mobilspel i historieundervisninga
Jo Wake frå Universitetet i Bergen og Ranveig Fluge frå Bergens Handelsgymnasium presenterte eit opplegg for bruk av mobilspel i historieundervisninga. Her brukte elevane ei spesiell programvare for å sjølve lage spel med lokalt historisk innhald. Elevane arbeidde i grupper med å lage spela. Deretter bytta dei spel, og spelte spel som var laga av ei anna gruppe. Dette var eit inspirerande opplegg som burde kunne tilpassast mange andre fag! Les meir om prosjektet her.




Bruk av IKT i matematikk
Åge Mjøs og Eva Skadal frå Åsane vidaregåande skule brukar eigenproduserte instruksjonsvideoar i matematikkundervisninga. Dei kom saman med tre elevar og fortalde om korleis dei har brukt videoane, og kva elevane synest om denne måten å jobbe på. Ved at elevane får gjennomgått stoffet på denne måten vert læraren frigjort til å bruke meir tid til å rettleie den enkelte eleven. Dei har publisert videoane gjennom skulen sitt LMS (It's Learning), men ein finn også nokre av filmane på Youtube.

Diverse nyttige tips, triks og gratis programvare  
Eva Bratvold presenterte eit mangfald med gode idear, tips og triks. Ho har skrive eit blogginnlegg der ho lenker til ein del av det ho viste på konferansen. Elles kan bloggen hennar Eva 2,0 anbefalast. Her kjem stadig nye innlegg som er relevante for pedagogisk bruk av IKT i skulen.


Opphavsrett og Creative Commons
Grete Melby ved Loddefjord vgs snakka om Opphavsrett og Creative Commons. Kunnskap om opphavsrett (Sjå her for åndsverklova) er aktualisert i skulen grunna 'klipp og lim' problematikken og delingskulturen som har utvikla seg som følgje av webben. Creative Commons er eit sett lisensar som kan brukast av lærarar og elevar til å gje andre løyve til å bruke bilete, tekstar og filmar som dei har publisert på nett; - utan at desse kjem i konflikt med åndserklova. Grete Melbye presenterte blant anna historia bak Creative Commons.

Google docs i staden for karakterar i norskfaget
(presentasjon sjå nr 20/21)
Bjørn Helge Græsli (sjå meir frå han her) er ein innovativ lærerar som ikkje er redd for å prøve ut ny pedagogikk ved hjelp av ny teknologi. I denne førelesninga presenterte han ei rekke med eksempel på både teknologiar og pedagogiske opplegg frå skulekvardagen. Eg skal presentere eit opplegg frå denne rekka. I norskfaget på Vg1 får han elevar til å skrive stilar på skulen i Google dokumentar. Google dokument er ei teneste der fleire kan skrive i same dokument. Bjørn Helge Græsli kopla seg på dokumentet eleven skreiv på, og kommenterte eleven sitt arbeid undervegs i skriveprosessen. På den måten vart det elevane meir motivert for å arbeide med tekstane sine og det vart mindre arbeid med rettebunkane for han. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar