mandag 20. juni 2011

NYNO skapar utfordringar for eksamen

Omsetjingsprogrammet NYNO har fått mykje merksemd i avisene dei siste vekene. NYNO er eit dataprogram som omset frå bokmål til nynorsk. Lektorlaget slår no alarm og hevdar at programmet vert brukt til å jukse på eksamen. Har de fått med dykk desse sakene?

"Slik jukser man seg til god nynorsk-karakter"
"Holder til en femmer"

Programmet er kanskje ikkje så mykje brukt i vårt fylke, men det verkar som eit spanande verktøy. I følgje omtalen frå produsenten kan NYNO bl.a nyttast til å omsetje f.eks lærebøker frå bokmål til nynorsk. Programmet vil også kunne hjelpe framandspråklege elevar med å produsere nynorsktekstar, dersom dei i utgangspunktet har fått opplæring i bokmål.

Hadde vore veldig kjekt om det var nokon av lesarane av denne bloggen som hadde erfaringar med NYNO og ville dele desse med oss.

2 kommentarer:

  1. Dette vert ikkje noko problem i mitt system!
    http://fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famID=184368&frontFamID=84279

    SvarSlett
  2. Kjempespanande Vegard. Håpar du vil dele erfaringane med testinga, gjerne her på denne bloggen.

    SvarSlett