tirsdag 21. juni 2011

Send SMS frå Outlook

SMS frå Outlook er ei teneste som har vore tilgjengelig i mange år, men eg trur den er lite kjend. Eg har prøvd ut tenesta sidan nyttår, og har positive erfaringar. Du må laste ned og installere eit tilleggsprogram til Outlook frå Telenor sine nettsider for å kunne ta i bruk tenesta.

Det er ikkje direkte billig å sende SMS frå Outlook (55 øre pr sms) men det kan av og til vere veldig praktisk for dei av oss som likar å ha tilgang til eit fullverdig tastaur når vi skal skrive meldingar. Fordelen med SMS frå Outlook i forhold til SkuleSMS frå Fronter er at mottakar vil sjå at det er frå mitt nummer, og ikkje minst at det legg seg ein kopi av meldinga i "Sent Items-mappa" i Outlook. Det siste kan vere nyttig dersom ein treng dokumentasjon på at meldinga er sendt.

Oppmodar alle (spesielt personar i administrative stillingar) til å prøve ut tenesta. Krev sjølvsagt at de har Telenor-abonnement, men det skal også finnast tilsvarande teneste frå Netcom.

Trykk her for å finne installasjonsrettleiing og nedlastingslink.

Lukke til.

2 kommentarer:

  1. du kan gjere akkurat det samme frå telenor.no
    og då får du nokre sms gratis, og resten til vanlig pris.

    SvarSlett
  2. Sms frå Telenor.no og ikkje minst gulesider.no (5 gratis sms pr dag) er kjempebra. Likar likevel SMS frå Outlook endå betre, blant anna fordi ein slepp pålogging :-)

    SvarSlett