Mitt opplegg
I år underviser eg i R1, og har enda opp med å bruke PowerPoint konsekvent i all gjennomgang av nytt stoff. Det begynte som eit eksperiment, og eg var usikker på korleis dette ville fungere. Ville det verte for statisk undervisning med presentasjonar? Ville det verke pasifiserande på elevane? Etter å ha brukt PowerPoint nokre få timar spurte eg elevane mine om kva dei syntes om opplegget. Dei var så klare på at dei ville halde fram med PowerPoint, at det var ikkje anna for meg å gjere enn å fortsette med denne måten å arbeide på.
Eg har lagt vekt på å presentere formlar og definisjonar, døme på bruk av desse og oppgåver. Sidan alle presentasjonar vert lagt ut i Fronter direkte etter timen er det ikkje alle elevane som noterer under gjennomgangen. Det ser eg på som positivt sidan elevane då held fokus på det eg seier, og kommentarar og spørsmål frå dei andre i klassa, i staden for at dei vert opptekne av å skrive av det dei ser på tavla.
I PowerPoint er det forholdsvis enkelt å animere ein vektor for å illustrere t.d. parallellforskyving eller dekomponering av vektorar. Eller for å vise framgangsmåten ved polynomdivisjon. Eg har også nytta animasjonsverktøyet mykje i samband med døme og oppgåver som vi gjer felles i klassa. Eg har gitt enkle små oppgåver som elevane burde løyse lett. Elevane har fått nokre minutt til å løyse oppgåva, før eg viser enten heile løysinga eller trinnvis framgangsmåte. Slik opplever dei meistring når dei ser at dei får same svar som på løysingsforslaget. Eg har også gitt elevane meir kompliserte oppgåver som dei skal diskutere i grupper og prøve å løyse. Her har eg lagt lista noko høgre, og eigentleg ikkje rekna med at dei skal finne fram til rett svar. Oppgåvene har eg presentert som vanskelege oppgåver - som ei utfordring. Etter ei stund har vi gått gjennom og diskutert oppgåva og ulike strategiar i fellesskap. Etter gjennomgangen arbeider elevane på eiga hand eller to og to med oppgåveløysing.
Mine erfaringar
Eg har opplevd at den reine gjennomgangen av teori har gått raskare. Sidan alt er ferdig skrive i presentasjonen, og få elevar noterer, får vi gått raskt og effektivt gjennom nytt stoff. Slik får vi meir tid til å arbeide med oppgåver. Ved å leggje inn mange oppgåver i presentasjonen vert elevane aktivisert, og dei får diskutert strategiar med både meg og dei andre i klassa. Sidan mitt løysingsforslag er ferdig skrive kan elevane raskt sjekke kvar dei har gjort feil, og vi kan diskutere mitt forslag med deira måtar å angripe problema på. Positivt er det også at eg kan vende meg ut mot elevane i staden for å stå å skrive inn i tavla, og at det er enkelt å vise skjermdropp frå t.d. GeoGebra eller kalkulator.
Å førebu ein time med PowerPoint brukt på denne måten er ei tidkrevjande affære i matematikk. Eg har skrive i formeleditoren i PowerPoint 2007, eg har skrive i Mathematics Add-In i Word 2007 og limt inn i PowerPoint, eg har skrive med digital penn og eg har skrive i den nye formeleditoren i PowerPoint 2010... Med ein kombinasjon av den nye formeleditoren til Microsoft og ein digital penn begynner det å bli meir effektivt. Uansett er det meir tidkrevjande enn å førebu seg til ein time med tavle og kritt!
Kva meiner elevane?
Elevane har vore generelt positive. Dei tilbakemeldingane eg har fått er at dei aller fleste helst vil at eg skal bruke PowerPoint. Dei legg vekt på at presentasjonane er ryddige og lette å lese, og at det er lettare å følgje med på PowerPoint presentasjonen. Dei synest at det er ein stor fordel at presentasjonane vert lagt ut i Fronter, både med tanke på repetisjon, men også for at det då er lettare å setje seg inn i kva som har vorte gjort i timen dersom ein er vekke frå ein time eller to.
Er PowerPoint eit eigna presentasjonsverktøy i matematikkundervisninga?
Eg likar sjølv godt denne måten å undervise på, og når elevane også er positive vert min konklusjon er at PowerPoint fungerer. Kanskje ikkje kvar time (variasjon er uansett bra). Også ut i frå tidsbruken meiner eg at det ikkje er realistisk å basere all undervisninga på bruk av PowerPoint. Kombinert med andre arbeidsformer meiner eg absolutt at PowerPoint er eit nyttig verktøy i matematikkundervisninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar