Torsdag 3. mars inviterte NDLA til konferanse på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Målgruppa var alle lærar og leiarar i vgs i Sogn og Fjordane. Vi som digitale innovatørar fikk rolla som mellomledd mellom NDLA og hotellet, og vart godt kjent med representantane frå NDLA.
Programmet inneheldt fellessesjonar og parallellførelesningar. På fellessesjonane fikk dei totalt 60 oppmøtte deltakarane god informasjon om korleis NDLA har arbeidd så langt og korleis dei tenkjer seg vegen vidare. På parallellførelesningane kunne vi velje mellom totalt 11 (av 23) ulike fag som NDLA har utvikla digitale læremiddel til.
Dette var:
· Samfunnsfag (Ingrid Eftestøl)
· Kroppsøving (Bjørn Inge Drabløs)
· Kommunikasjon og kultur (Svein Sandnes)
· Norsk (Marion Federl)
· Naturfag (Kristin Bøhle)
· Helse og sosialfag (Trine Merethe Paulsen)
· Design og handverk (Svein Sandnes)
· Engelsk (Leonard Vårdal)
· Restaurant og matfag (Audun Moksheim)
· Matematikk (Olav Kristensen)
· Helsearbeidarfag (Trine Merethe Paulsen)
På www.ndla.no kan du sjå kva andre fag NDLA tilbyr. I 2012 skal endå fleire fag vere klare, og vi veit at følgjande fag er under utvikling:
· Kokk og servitør
· Engelskspråkleg litteratur og kultur
· Samfunnsfagleg engelsk
· Medie- og informasjonskunnskap 2
· Matematikk S1 og S2
· Matematikk R2
På lang sikt er målsetjinga å tilby digitale lærebøker i alle fag (ca 340?) som det er mogeleg å ta innanfor vidaregåande opplæring.
I vårt fylke fekk kanskje NDLA ein noko trong start, og bruken av tenesta har gått noko ned frå 2009 til 2010. Vi er likevel den tredje største brukaren i landet, og i 2011 ser det ut til at bruken aukar att.
At NDLA har komme for å bli er det ikkje nokon tvil om. Sogn og Fjordane er saman med alle andre fylke i landet (utan om Oslo) eigarar av NDLA. Vi betaler årleg kr 350 pr elev til NDLA, som går til utvikling av nye læremiddel og revisjon/oppdatering av eksisterande bøker. I det siste har NDLA gått meir og meir over til å kjøpe ferdige produkt/lisensar av høg kvalitet. Nokre døme på dette er verktøya Samskrive, Annotate og Delingsarena.
Dette er program som alle innbyggjarar i Noreg no får fri tilgang til gjennom NDLA, og her kan vi skrive saman, notere i digitale dokument og dele ressursar kopla mot læreplanmål frå Grep. Dette må de berre prøve ut (sjå på det som ein ordre J).
Det som imponerte meg mest med samlinga var engasjementet til ressurspersonane. Dette er personar som ser at digitale læremiddel vil vere ein viktig del av framtidas skule. Ressurspersonane var likevel tydelege på at dei ikkje klarer å utvikle dette åleine, og dei var veldig lyttande under parallellsesjonane. Vi treng å samarbeide. Det er denne innstillinga som gjer at eg er optimistisk med tanke på NDLA i framtida. NDLA ynskjer mest mogleg tilbakemeldingar og gode tips som kan føre til auka læring. No kan vi alle saman vere med på å påverke og stille krav til innhaldet i framtidas lærebøker. Dette må bli bra dersom vi klarer å utvikle gode samarbeidsdialogar. Og det trur eg vi vil få til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar