onsdag 23. mars 2011

Snart er du i Hypernet

At du snart er i Hypernet er kanskje ein litt dristig spådom, men eg er rimeleg sikker på at eg har rett. Grunnen til at eg er så skråsikker er at eg nyleg har vore på brukarkonferanse med IST. IST er truleg landets største leverandør av skuleadministrative system. Du har kanskje høyrt om program som Skolearena, Novachem og Sats?

I rein NDLA-ånd har no alle fylkeskommunar i landet blitt einige om at det skal kjøpast inn eit felles skuladministrativt system. Dei har laga ein kravspesifikasjon og anbodsrunda startar hausten 2011. Anbodsrunda trur eg vert ein formalitet. Eg kjenner ikkje til nokon andre (norske) firma som er i stand til å levere tilsvarande produkt som IST, når det gjeld system tilpassa norsk skule.


På brukarseminaret fikk vi høyre at IST tenkjer å samle alle ulike programma sine i ein pakke som skal heite Hypernet. Fordelen med dette er at vi treng berre eitt brukarnamn og passord for å få tilgang til alle applikasjonane. Vi vil også sjølvsagt kunne logge oss på via web, og kan då administrere det meste uavhengig av om vi er på skulen eller andre plassar.


Slik eg forstår det vil Hypernett innehalde bl.a. modular for fråversføring, vurdering, eksamen, planar, foreldrekontakt, timeplanlegging, kursadministrasjon og meldingar. Eg fikk ein rask gjennomgang av den nye fråversmodulen som kjem, og den virka veldig brukarvennleg og ryddig. Det er likevel litt skummelt å tenkje på at stadig aukande krav til dokumentasjon no fører til at vi i framtida truleg skal registrere at alle timar i alle fag er avhaldne (både for lærar og elev). Dette ser eg fører til ein del utfordringar, men vi må ikkje gi IST skulda for dette J.


Dersom du er interessert i kopiar av dei ulike presentasjonane på seminaret, finn du desse ved å trykkje her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar