onsdag 18. mai 2011

Ipad #2 Lærebøker på Ipad - statusrapport


Innlegg ved gjesteskribent og bibliotekar på Sogndal VGS, Else Ness:
Eg har blitt invitert til å gi ein kommentar på korleis eg har erfart prosjektet med lærebøker på Ipad som vi har prøvd ut på Sogndal vgs denne våren. Og her er kommentaren! (Sjå her for ein introduksjon til prosjektet.)

Eg er bibliotekar på skulen og har i dette prosjektet rolla med å skaffe digitale lærebøker og eventuelle appar som kan vere nyttige for utprøvingseleven når ho skal jobba med lærebøkene på nettbrett.

Forlag og digitale lærebøker
Ved første henvendelse verkar forlaga noko lunkne til prosjektet vårt, nokre fortalte om sine påbyrja prosjekt med utvikling av digitale lærebøker, utan å gi særleg mange detaljar om det. Denne defensive responsen er forståeleg sidan digitale bøker i det heile er ein ny ting i Noreg. Vi har brukt svært lang tid på å utvikle og bruke digitale bøker generelt, samanlikna med nabolanda våre og USA der digitale bøker og lesebrett har vore på marknaden ei god stund alt. Utfordringa har vore å finne gode løysingar på kopisperring vs.fildeling og kompensasjon for tap av inntekter for forlag og forfattarar, noko som hittil for papirbøker har vore regulert av innkjøpsordning og andre typar vederlagsordningar. Det er truleg òg større risiko i forhold til å satse på digitale løysingar og lønsemd enn med den tradisjonelle lærebokproduksjonen.

Ting har likevel skjedd, særleg i 2011, med intro av digitale bøker hjå bokhandlarar og Bokskya, og vi ser slik sett ei noko meir venleg haldning til denne utviklinga frå forlaga si side.

I vårt prosjekt er det PDF av kapitlar frå pensumbøkene Tidslinjer 2 og Mediemøte1 frå Aschehoug, og frå Standpunkt frå CappelenDamm vi har fått bruke. Fullstendige digitale lærebøker, dvs. bøker som i utgangspunktet er produsert som digitale og som ikkje berre er i PDF-format, finst i liten grad på marknaden. Og vi snakkar her om enkelte kapittel av desse bøkene, avgrensa av at dette er eit prøveprosjekt. Får vi bøkene i sin heilheit, noko som er målsetjinga, blir det sjølvsagt kostnader med det.

På eit seminar på Sandefjord vgs nyleg, vart temaet Ipad i skulen diskutert av skulefolk og forlag; kva utfordringar har ein og kva løysingar kan ein utvikle. Dette er omtalt av Jan Gamre på bloggen Ipad i skolen og av Erling Grønlund på bloggen RIKT. Desse to presenterer mange interessante problemstillingar som eg kjenner att gjennom vårt prosjekt. Eg trur, slik òg desse to påpeikar at det er viktig at vi som driv med pedagogisk arbeid på skulane kan få kome med våre synspunkt til forlaga, sidan vi har god innsikt i behova elevane har og korleis digitale verktøy kan brukast pedagogisk.

App'ar for Ipad til bruk på skulen
Ipad og nettbrett var ein nesten like ny ting for meg som det var for eleven som har vore vår "forsøkskanin", så det er fleire av oss i prosjektet som har måtta lære oss korleis nettbrett fungerer og finne ut av mylderet av appar. Eit eige hefte om Ipad-appar frå PC-world gav gode forslag til gode appar slik som Pages, Keynote og Numbers. Elles har vi delt litt på erfaringar og tipsa kvarandre om aktuelle appar som iAnnotate, Evernote og Dropbox. Eleven har først og fremst brukt Evernote og prøvd litt å bruke Pages når ho har skrive dokument. Hennar erfaring er at desse appane ikkje heilt greier å erstatte Office-programmet Word, som er det mest brukte skriveprogrammet elevane brukar, når det gjeld oppsett av dokument, disposisjon og dei praktiske funksjonane ein har der. Og dette er avgjerande for å kunne bruke Ipad som eit fullstendig verktøy for ein skuleelev! Draumen er ein Word-app!

Vi skal no prøve ut Office2 HD som kan løyse dette problemet. Denne appen vil iallefall gjere det mogleg å laste ned word-dokument ein har laga på PC-en til Ipaden, men ein kan òg opprette nye dokument her.

Elles gir Dropbox og Evernote den glimrande og svært praktiske moglegheita å lagre dokument på nettsky. iDisk er òg eit aktuelt program å organisere dokument med, og som vi har planar med å teste ut med eleven.

Meir om korleis eleven har erfart utprøving av Ipad finn du i denne bloggposten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar