torsdag 19. mai 2011

Ipad #3 - Eleverfaring

Innlegg ved gjesteskribent og bibliotekar på Sogndal VGS, Else Ness:
Utprøving av lærebøker på Ipad ved Sogndal vgs (Sjå Innlegg om Ipad #2-lærebøker)

Eleven som har prøvd ut dette er svært nøgd med Ipaden! Først og fremst fordi det er eit svært praktisk verktøy å ta med overalt, og samanlikna med PC svært lett å bere, og er greitt å handtere trass i at ho har noko redusert rørsleevne i hendene. Dette er svært bra sidan touch-skjermen krev sine finger-ferdigheiter! Det er òg ein fordel å bruke Ipaden som skjerm i lag med tilkobla tastatur, når ein treng å skrive lengre tekstar.

Nettbrett er eit godt leseverktøy med moglegheita å kunne forstørre teksten ved behov. Det er òg ein fordel at ein har alt på ein plass, ein kan lagre alle digitale bøker, alt lærestoffet på same stad, ha rask tilgang til nettsøk og nettet generelt og ha redigerings- og skriveprogram tilgjenge umiddelbart, sjølv om dette òg utgjer den største utfordringa fordi det å skifte mellom program krev tilvenning.

Dessutan er lærebøker digitalt ein fordel også når det gjeld det å halde orden på lærebøkene, noko som ofte er eit problem med papirbøkene. Elevar rotar vekk bøker, forbyter dei med kameraten sine og slit ut bøkene. Dette problemet vil forsvinne med digitalisering av læremiddel, og det vil gjere det enklare for oss (bibliotekarane) som har ansvar for utlån av lærebøker!

Utfordringa ligg i å gjere elevane vane med å bruke digitale lærebøker, det blir ein heilt annan måte å jobbe på enn med papirbøker og PC. Ein har alt gjort erfaringar med dette på nokre skular, der elevane ikkje var nøgde med å ha digitale bøker. Det kan tenkjast at dei komande generasjonane vil ha eit meir avslappa forhold til dette.

Noko vi må finne ut er kor praktisk det er å bruke nettbrett i forhold til PC, for det å bruke data mykje gjer at eit nettbrett kanskje ikkje er det beste verktøyet med den vetle skjermen. Men mykje skjer på tekno-fronten, så større skjermar vil om mogleg dukke opp.
Det hadde vore interessant å fått prøvd ut Ipad eller nettbrett på fleire elevar, gjerne yrkesfagelevar, sidan det kan tenkjast at å lese digitalt og bruke nettbrett med dei moglegheitene det gir for multimedia og visuelle uttrykk, kan vere motiverande i seg sjølv, særleg for gutar som ikkje likar å lese! Nettbrett slik det er i dag kan òg passe yrkesfagselevar bra sidan dei har mindre teori enn elevar på allmenfag, dei les mindre og jobbar mindre med dokumentbehandling, medan nettbrettverktøy kan opne opp for nye spennande måtar å presenterer teorien på. Det skal bli interessant og spennande å følgje med på fortsetjinga!

Læreboka slik ho kan bli:

Al Gore har forfatta ei digital fagbok som ein kan laste ned som eiga app. Det har blitt eit stilig resultat som òg gir oss eit innblikk i framtidas lærebøker. Du kan sjå ein trailar til denne læreboka her:

Al Gore's Our Choice from Push Pop Press on Vimeo.

URL til trailaren


Al Gore's Our Choice from Push Pop Press on Vimeo.

2 kommentarer:

  1. Hei! Dette er viktige spørsmål som blir tatt opp. Vi hadde et spennende seminar på Sandefjord VGS hvor bl.a. 3 av forlagene var til stede. Det er tydelig at de nøler med å legge til rette for digitalt. Har skrevet kort om dette i denne posten: http://wp.me/p1wtgE-4y
    I en annen post tar jeg temaet videre, og har også muliggjort avspilling av post med lyd: http://wp.me/p1wtgE-F
    Det er kanskje også interessant å merke seg at GJennestad VGS innfører iPad til alle elever og lærere fra høsten: http://wp.me/p1wtgE-bq

    SvarSlett
  2. Eg viser også til dine blogginnlegg lengre ned på bloggen til Diginnov: http://digitaleinnovatorar.blogspot.com/2011/05/lrebker-pa-ipad-statusrapport.html . Hadde vore interessant å delteke på møte med forlaga, og sett mellom anna Samlaget sitt innspel om digital lærebok. Skulle gjerne visst litt om korleis andre nettbrett fungerer til dette, og om det er skular som har testa ut andre løysingar. Vi opplevde jo også mindre bra ting med Ipad, til dømes at ein ikkje kan sjå flash (film) og så var det noko plunder med å laste opp dokument på Fronter (læringsplattforma), men dette er ting vi håpar det vil kome løysningar på etter kvart.

    SvarSlett