torsdag 7. april 2011

Facebook i matematikk - eit lite eksperiment...

Facebook er eit omdiskutert fenomen for tida. Særleg dersom ein snakkar om Facebook i samanheng med skule og utdanning. Ofte er det dei negative sidene som vert framheva. Det vert fokusert på at Facebook er ein distraksjon i klasserommet - som tek fokus frå læringsarbeidet til elevane. Eg skal ikkje påstå at det er uproblematisk med Facebook i skulen, men eg lurer på om det kanskje også er eit pedagogisk potensiale i elevane sin bruk av Facebook.

Mitt eksperiment
Eksperimentet mitt begynte med eit gruppearbeid om bevisføring i matematikk R1. Elevane skulle gruppevis presentere ulike bevis. Dette skulle samtidig vere munnleg trening, og bevisa skulle publiserast som ein video. Dermed kom spørsmålet om korleis vi skulle publisere videoane. Vi kunne sjølvsagt nytta Fronter, men vi valde å nytte Facebook. Ein elev i klassa var ikkje registrert på Facebook, så eg og ho oppretta ein felles lærarprofil som vart venn med dei andre i klassa. Lærarprofilen oppretta vidare ei såkalla hemmeleg gruppe der alle i klassa vart invitert inn. Det som vart lagt ut i den hemmelige gruppa kan berre sjåast av dei som er inviterte inn i gruppa, og ikkje noko av det som vert diskutert eller kommentert her vil vere synleg for andre. Videoane vart publisert utan problem av noko slag, og som ein bonus har eg og klassa no fått ein felles møtestad på Facebook. 

Facebook sitt pedagogiske potensiale
Tida vil vise korleis denne gruppa vert nytta vidare. Elevane er einige om at vi skal behalde gruppa, men kva vi kjem til å gjere ut av den er framleis uvisst. Skal dette vere ein møtestad primært for elevane, eller skal eg (lærarprofilen) også vere ein aktiv deltakar i gruppa? Eg ser potensialet i at elevane t.d. kan diskutere oppgåver og hjelpe kvarandre på Facebook. Her kan leggast ut lenker til aktuelle nettstadar, videoar, bilete og dokument. Kanskje er vi tradisjonelt for lite flinke til å fokusere på deling, samarbeid og kommunikasjon i matematikk? Med Facebook får vi ein arena der elevane er på heimebane, og dei er vande med å diskutere og kommentere kvarandre sine innlegg her. Det i det eg meiner  mykje av Facebook sitt pedagogiske potensiale ligg. Kan noko av denne måten å kommunisere på overførast til også å dreie seg om matematiske problemstillingar? Ideen synest eg er spennande, og det skal bli interessant å sjå om elevane tek i bruk dei moglegheitene for samhandling som ligg i den gruppa vi no har etablert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar