fredag 22. mars 2013

Lanserte bok med omslag frå Luster vidaregåande skule


Boka Sosial kommunikasjon av Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen vart lansert førre veke. Omslag et er laga av Anja Kandal, som er frå Sandane og er elev ved Luster vidaregåande skule. Ho deltok på boklanseringa saman med medelev Emilie og lærar Astrid.
Omslaget til Anja var eitt av 40 forfattarane fekk inn då dei lyste ut omslagskonkurransen i sosiale medium.

– Det var eitt forslag som peikte seg ut. Omslaget var enkelt, og vi likte fargevalet. Det var dette omslaget vi ville ha, og det var det omslaget det vart. Tusen takk for at du laga eit omslag som er omtrent som skapt for at vi skal pakke inn orda våre og manuset vårt i det, sa forfattar Svein Tore Marthinsen under lanseringa på Josefine vertshus i Oslo.

Elevane inspirerte kvarandre 
Omslaget viser eit menneske og ein mobil hand i hand på varm oransje bakgrunn. Jenta med den geniale ideen fortalde at dei sju elevane i klassen inspirerte kvarandre i prosessen med å lage forslag til bokomslag.

– Vi hadde ein månad på oppgåva og var innom mange felt. Vi inspirerte kvarandre, og eg fekk også inspirasjon frå læraren som viste fram stiliserte figurar. Eg tenkte at eg ville forenkla framsida heilt. Eg ville gjere som om mobilen var ein person, og vise at ein kan nå ut til alt anna via den. Difor valde eg å kople mobil og menneske, fortel Anja.

Bra med reell oppgåve   
Omslagshistoria frå Luster vidaregåande skule starta med at avdelingsleiar Kenth Rune Måren oppdaga konkurransen på Twitter. Faglærar på interiør- og utstillingsdesign, Astri Holum, tok utgangspunkt i konkurransen og laga den om til ei klasseoppgåve.

– Oppgåva i konkurransen dekka nokon av læreplanmåla i produksjon og produktdesign, og eg laga dette om til ei relevant oppgåve. Eg tenkte dette kunne gje elevane ei anna oppleving, sidan dei fleste oppgåvene elevane får er konstruerte av lærar. I og med at ho var reell og frå ein oppdragsgivar, ville dette auke motivasjonen til elevane, fortel læraren..

(Takk til Kenth Rune Måren for flott tips)