onsdag 15. februar 2012

Vindauge mot framtida – eller Windows om du vil

Heime frå nettbrettsamling i Sandefjord. Artig seminar, sjølv om dyrkinga av iPad og Jobs bok
til tider fekk religiøse overtonar. Men spøk til side. Er nettbrettet framtida i norsk skule? Det trur eg, men eg er meir usikker på om det er iPad som vert skuleverktyet. Eg hallar meir mot nettbrett med Windows 8.

For no etablerer Microsoft seg på brett – eller «slate» – som dei vel å kalle det. Det har vore brett som køyrer Windows 7 i sal ei stund, men utviklinga skyt fyrst fart når bretta byrjar køyre Windows 8, eller Metro om du heller vil. Windows Metro er eit nytt grensesnitt som er tilpassa
nettbrett og touch. I staden for ikon er Metro sett saman av fliser som du kan navigere via. I tillegg kjem Office-pakken i ny utgåve, også denne er tilpassa touch. I sum gjer dette til at du kan bruke klassiske Windows-program på brettmediet. Spennande. For utviklinga går mot touch.

Men heldigvis vil ikkje Microsoft låse produkta sine til ein plattform; dei vil at programma skal verke uavhengige av kva duppedings du brukar. Denne tanken er spennande. Det er forbrukaren som tek styringa, og slik nærmar vi oss eit spennande felt: «Bring your own device». Tenk deg at elevar kan velje kva verkty dei vil ta med seg på skulen: smarttelefon, nettbrett eller pc? Same kva dei vel, skal dei få tilgang til dei programma som dei treng via server – eller html 5 om du vil. Spennande ordning - i alle fall som supplement.

Men Microsoft er òg oppteken av drift. Duppedingsane skal kunne driftast og kontrollerast. Det vil gjere det lettare å bruke dei i vurderingssituasjonar, og ein kan styre kva dei skal innehalde. Men når det er sagt, kjem eit gamalt spørsmål til orde: Eleveigde eller fylkeseigde brett? Eller gjere som Ole Brumm aldri gjorde; å seie «ja takk, begge delar»? Eg kunne tenkt meg Windows-brett til alle elevar og «bring your own device» som supplement. Dobbelt spennande.

Dessutan er skya over oss. Alt kan lagrast i skya no. Og alle program kan hentast frå skya. Denne tenesta heitte før «live@edu», og alle elevane i fylkeskommunen har tilgang her. No skiftar tenesta namn til «Office365 for education». Skytenester er komne for å bli. Dei òg.

Heilt til slutt: Touch-teknologien går fort, og det er muleg å lage store touchskjermar. Desse er i liten grad masseprodusert, men eit spennande unnatak er «Surface 2». Det er ein pc som er forma som eit bord. Tenk deg at heile kateteret skal blir ei stor digital flate. Det må vere lov å kalle ein digital revolusjon.

Ei skikkeleg smart bok

Skal nettbrettet fungere i norsk skule, må nokon produsere innhaldet. Gyldendal har teke dette ansvaret på alvor. Med smartbok.no har dei lansert ein portal som gjev elevane ei digital lærebok som det luktar framtid av.

Lat det vere sagt: Den smarte boka ser framleis ut som ei bok. Du blar i ei bok. Det er trygt og det er kjent, men det er så mykje meir. Her er bilete, videoklipp, noterings- og markeringsverkty og dessutan er all brødteksten lesen inn av skodespelarar. Du kan altså lære både ved å sjå, lytte
og lese.

Fram til sommaren kan ein prøve ut verktyet gratis, men til skulestart vil det vere klart til bruk for pc og iPad. Versjonen til Android kjem til seinare i haust. Dei andre forlaga kjem nok etter, men førebels verkar det som Gyldendal har teke leiinga, og det er herleg med digitale bøker som er meir enn ein pdf.

Eit tips i OneNote

Visste du at du kan spele inn lyd og video i OneNote? Heilt sikkert. Men viss du noterer stikkord medan du snakkar, kan du bruke stikkorda til å navigere i den munnleg fila i etterkant. Altså: Viss du skal snakke om: sauer, geiter og hestar, kan du skrive inn eit stikkord når du byrjar å snakke om det. Skal du høyre gjennom opptaket ved eit seinare høve, treng du ikkje å høyre gjennom fire minutt med saueprat, viss det var info om geita du skulle ha tak i. Du kan berre halde musepeikaren over stikkordet: «geiter» og vips: Så dukkar det opp eit avspelingsikon ved sida av. Trykk på det og så kjem nok både Blåmann og Vinje heim til deg.

tirsdag 14. februar 2012

Bildebrev frå Nettbrettkonferansen i Sandefjord

Som eit lite eksperiment har eg prøvd å lage eit lite bildebrev frå Nettbrettskonferansen som Tor Egil og eg var på i Sandefjord i førre veke. Bildebrevet er laga som ei videofil og deretter publisert på YouTube, og til slutt bygd inn i dette blogginnlegget.

Eg merkar at eg kanskje ikkje har den heilt beste "radiostemma" og at det krevst trening både i pusteteknikk og tonefall, men eg håpar at noko av innhaldet vil vere av interesse.

I innlegget tek eg føre meg dette:
Ipadprosjekta ved Gjennestad vgs og Sandefjord vgs (etter 17 sek)
Ressurssenter for IKT (RIKT) om bruk av Ipad (etter 4.17)
Bibliotektenesta ved Sandefjord vgs om nettbrett og innkjøp av digitale lærebøker (etter 6.37)
Lærebokforlaga om nettbrett og digitale lærebøker (etter 10.30)

Lukke til

onsdag 1. februar 2012

Nysatsing på digital innovasjon

Dei digitale innovatørane var ikkje heilt døde. Dei har berre lege i dvale ei stund. Rett nok ikkje i si originale form, og om ikkje i ei ny og betre utgåve, så har i alle fall fire pedagogar fått i oppgåve å føre den digitale innovasjonen vidare. Fire pedagogar som gler seg til å ta fatt på oppgåva, og eg har fått ansvar for å leie arbeidet.

Kjært barn har som kjent mange namn. Men den nye satsinga er førebels namnlaus. Arbeidstittelen er «Nettverk for IKT», men vi kjem nok opp med noko meir fancy på sikt. Det som derimot er bestemt, er at medlemmane vert Vibeke Rinde frå Årdal vgs, Kari Elisabeth Aasebø frå Firda vgs, Terje Torsheim frå Hafstad vgs og underteikna, som altså er Tor Egil
Furevikstrand frå Dale vgs. Kari Elisabeth og Terje er kontinuitetsberarar frå dei digitale innovatørane, medan Vibeke og eg er rekruttert i kraft av å vere e-pedagogar.

Nettverket har kome i stand etter initiativ frå Sture Førre. Sjølv om eg skal leie denne gruppa, skal strukturen vere flat. Vi har fått tildelt midlar til å prøve ut digitale nyvinningar og ny programvare, reise på seminar for å halde oss oppdaterte og formidle røynsler og synspunkt via denne bloggen. I tillegg vil vi vere aktive på Impulskonferansen. Ambisjonen er å vere eit slags bindeledd mellom e-pedagogane og opplæringsavdelinga. Og berre så det er sagt: Vi er mottakelege for innspel. Har du tips? Er det noko du vil prøve ut, kan det vere at vi kan hjelpe til, anten økonomisk eller med gode råd.

Men vegen vert som kjent til medan ein går. Og i fyrste omgang går vegen til Sandefjord. Terje og Tor Egil skal på konferanse om nettbrett. Vi lovar å melde tilbake nokså breitt om alt som har med brett å gjere.

Best hels
Tor Egil

Tankar etter BETT

«London calling» heiter det. «You BETT», er det freistande å svare. Og BETT er stort. For stort? Muleg det, men uansett ei uomtvisteleg kjelde til inspirasjon. Og hovudinntrykket er at «smartboards» er in. Det finst tallause leverandørar av slike digitale tavler. På BETT såg eg minst ei digital tavle på kvar stand. Og på skulen «City of Westminster College» hadde dei ikkje
mindre enn 108 tavler. Slå den!


Og vil du ikkje investere i «smartboards», finst det andre smarte løysingar. Med eBeam kan du gjere eit whiteboard om til eit smartboard på ein grei og enkel måte. (Eg merkar raskt at vi treng nokre gode, norske avløysarord for desse moderne tavlene.) Og har du lyst å bruke ein vegg som ei stor tavle, kan du sparkle og måle veggen med maling frå Muraspec. Kombinert med eBeam, så
har du brått ein digital vegg. Mulegheitene er mange; det er opp til deg å utnytte dei. Viss du vil, då.

Sjølv er eg usikker. Vibeke Rinde og mange i Sogn er ikkje det. Dei satsar på smarte tavler (elendig ord). Det er spennande, men satsinga krev at lærarane legg om undervisninga si. For sjølv om tavlene er aldri så smarte, så står du framleis med ryggen til elevane og føreles. Og det i seg sjølv er ikkje eit framsteg. Men når det er sagt; eg er ikkje i tvil om at Vibeke vil vise gode døme på bruk av smartboard her i bloggen. Garantert.


Viss eg hadde jobba i grunnskulen, ville ikkje eg ha vore i tvil. Der har eg tru på aktive, tavlekrotande elevar som kan peike på aldri så mange byar i Belgia. I vidaregåande skule hallar eg derimot meir mot podiet: Ein tablet-pc med Windows 8, kopling til videokanon, eit podium, og vips, så har du eit spennande supplement til føredraget – ikkje det at vi skal førelese heile tida, men av og til er det naturleg. Og med ein digital penn kan du i tillegg gjere notatar som du raskt kan lagre i Fronter.

Dette vil eg teste ut. Eg såg i London at Samsung kom med ein alt-i-eitt-pc som kunne fungere som eit brett. Det same gjer Lenovo no. Spennande saker. Ikkje berre for podiet, men òg for skrivepulten. Som norsklærar saknar eg eit stort brett som eg kan jobbe med elevtekstar på. Dei kjem no. Eg og Terje kjem til å teste ut denne teknologien i tida framover, men fyrst må vi få
tak i duppedingsane. Vi gler oss.