fredag 28. juni 2013

Felles skylagring til alle elevane

Allereie frå hausten av vil elevane våre få tilgang til å lagre dokumenta sine i Skydrive. Dette har dei jo i utgangspuntet hatt høve til lenge, men det nye er no at fylkeskommunen inngår ein avtale med Norsk Datasenter (NDS) om ei løysing med feidepålogging til Skydrive Pro. Dette forenklar mykje. Elevane treng då berre å logge seg på pc-en ein gang, og slepp å hugse fleire ulike passord. Det vil også verte mykje enklare for lærarar og elevar å dele dokument og t.d OneNote-notatbøker. Eg har vore i Moss og sett på løysinga som NDS har utvikla. Dei har svært mykje spennande på gang og eg ser fram til å teste ut denne løysinga. De kan lese meir om NDS si løysing ved å trykkje her

No kan vi endeleg "komme inn" i datamaskina.


"Eg kjem ikkje inn på pc-en" har vel dei fleiste av oss ropt ut ein og annan gang. Ein norsklærar vil då ofte korrigere oss og spørje "skal du verkeleg inn i maskina?". Tja, svarar vel vi og tenkjer inni oss at han skjønte nok kva vi meinte. Med det nye kameraet frå Microsoft som heiter Kinect for Windows kan vi no" komme inn i pc-en". Kameraet er sensorstyrt, og fjernar bakgrunnen i rommet der du står. Det ser ut som du då står inne i den programvaren du nyttar. Dette kan blant anna nyttast til å lage undervisningsvideoar der du får med kroppsspråket til læraren. Kroppsspråk er viktig i kommunikasjon, og kan vere med på å live opp dei tradisjonelle undervisningsvideoane.

Kameraet (som minner oss litt om romvesenet ET) har også sensorar som registrerer rørsle. Vi kan nytte det til å fjernstyre diverse programvare. Eit lite vink fram eller tilbake kan t.d skifte lysbilte i ein PowerPoint-presentasjon. I videoen nedanfor er kameraet nytta i kombinasjon med programvaren Personifyinc. Denne programvaren kostar ca 1000 kr pr år, og sjølve kamereaet kostar ca 1 500 kr.

Datamus med innebygd scanner


Dette produktet frå LG tykkjer eg er ei smart og nyttig oppfinning. Det ser ut som ei vanleg datamus, men det kan også nyttast til å scanne både tekst og bilete. Når vi scannar tekst, kan vi lime denne direkte inn i Word. Teksten kan deretter redigerast på vanleg måte. Nedanfor har eg laga ein svært kort og enkel video som viser korleis vi brukar scannermusa. Produktet kostar ca 1000 kroner.

tirsdag 25. juni 2013

Ny PC-ordning i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune følgjer i fotspora til Rogaland og Hordaland: Elevane får tilbod om ein standardmodell som elev-PC, men viss dei sjølv ynskjer det, kan dei betale eit mellomlegg som sikrar dei ein langt betre PC, eit nettbrett eller ein Mac.

Dette er ei spennande utvikling, og kanskje er det fyrste steget på veg mot moteordet BYOD - bring your own device. Men sjølv om det er spennande, er det ikkje vanskeleg å sjå utfordringar med ei slik ordning.

Særleg for læraren i klasserommet. Han skal no få til ei undervisning som er plattformuavhengig. Ser vi på røynslene frå Rogaland, syner det seg at særs mange elevar (om lag 70 %) vel å investere i Mac. Det betyr blant anna at lærarar og skular som satsar tungt på OneNote og som kjøper inn Office-pakken til elevane, ikkje får full valuta for pengane. Per dags dato får ein ikkje OneNote til Mac, og viss berre 3 av 10 elevar kan bruke programmet, kan ein like gjerne skrinleggje heile prosjektet. Ein kan sjølvsagt velje Evernote, men det er ikkje like godt.

Den valfridommen som ordninga opnar for, har dermed ein pris. Den same læraren som skal lage god undervisning, må stå til rette når teknologien sviktar. Ein kan gjerne seie at ansvaret ikkje er hans, men i praksis er det han som har eit problem når teknologien sviktar. Sjølv om alt i dag "berre skal fungere", trur eg læraren vil kjenne seg usikker i møte med elevgrupper som sjonglerer med mange ulike PC-variantar.

Og kven skal lære læraren å bruke Mac? Vil skulane kjøpe inn Mac-ar til e-pedagogar slik at dei kan lære lærarar å bruke Mac? Eller er det opp til kvar einskild lærar og kvar einskild elev? Eg er redd for at det er det siste. Sjølv har eg godt grep om PC-ar, men eg kan ikkje Mac. I klassen min er det to Mac-brukarar, og det fører utan tvil til praktiske utfordringar i klasserommet - som eg må løyse.

Men slik går utviklinga. Allereie i dag kan elevane ta med seg sitt eige utstyr. Og det gjer dei - som regel to, kanskje tre dingsar. Sjølv kunne eg ha tenkt meg at vi oppgraderte dagens PC-ordning i staden for at eleven får velje. Tenk om elevane kunne fått ein 13,3" hybrid med touch, digital penn, Windows 8, Office 2013, Lync og Sharepoint-løysingar og skylagring, som på sikt kunne erstatte LMS-et. Det hadde vore grunnlag for meir læring, det.

Denne infrastrukturen vil langt på veg vere tilgjengeleg for elevar i Sogn og Fjordane frå hausten av. Og det er vi glade for. IKT-avdelinga i fylket vårt gjer ein framifrå jobb. Det er berre synd at vi ikkje kan handplukke ein modell som vi meiner er optimal for læring, men eg aksepterer at det ikkje lèt seg gjere. Det har med vilje, valfridom og pris å gjere. I staden får vi bruke sommar til å lære oss Mac - for den saumlause skulekvardagen lèt nok vente på seg.   

Enklare sensur med Yoga?

PAS-systemet har gjort jobben som sensor enklare. Rett nok heng systemet framleis litt under fellessensuren, men om eg brukar Firefox i staden for Explorer, er mykje av problemet løyst. Og det er fantastisk å sleppe sende eksamensbunkar hit og dit. No er det berre å vente til at eksamensdagen skal bli til natt, og så kan eg ta fatt på sensurarbeidet.

Men kva er den ideelle framgangsmåten? Som sensor skal du to jobbe med to ulike element: elevsvaret og vurderingsskjemaet. Kva skal vi velje? Berre papir? Kombinasjonen papir og digitalt? Eller heildigitalt?

Det er fleire høve som må vektast når ein skal gjere eit slikt val. Tidsfaktoren er sentral, kvaliteten på arbeidet må vere høg- og dessutan er det viktig å lage notat som gjev deg gode argument under fellessensuren. Eit kinderegg altså: Du skal lese teksten grundig, legg merke til sterke og svake sider, krysse av i skjema og skrive gode stikkord - og i sum skal du ikkje bruke meir enn 26 minutt per eksamenssvar.

Mange sensorar sver framleis til papirutskrifter; dei likar å lese tekstane på papir og opplever at det går raskast slik. Sjølv trur eg at eg prøvd alle variantar, men eg hallar mot å lese tekstane digitalt og ta med skjemaa som papirkopiar - nøye sortert i ein tradisjonell ringperm.

Og etter kvart har det vorte mange som meg.  Eg ser stadig fleire sensorar som bøyer seg over PC-ar og lesebrett i ulike variantar. Sjølv brukar eg Levovo Ideapad Yoga. Dette ein 13,3" som kan brukast i fire ulike modi. For sensuren er modusen som vanleg nettbrett mest aktuelt. Ein 13,3" gjev ei leseflate om lag som eit A4-ark. Det gjev ei vesentleg større leseflate enn på til dømes ein Ipad, som eg ser mange sensorar brukar. I tillegg er det enkelt å skifte mellom teksten (Windows Reader) og vurderingsskjemaet (Word). Eg prøver sjølvsagt å kvantifisere mengda av skrivefeil o.l i skjemaa., men like viktig er det å kopiere med seg sitat som seier noko om kvaliteten på svaret. Det gjer du enkelt på ein tablet-PC. Til slutt skriv eg ut skjemaa i papirform. Det er praktisk ha papirutgåver under fellessensuren.

Etter å lese 200 svar digitalt vil eg hevde at dei nye tabletane eller hybridane eignar seg godt til sensurarbeid, men eg vil våge å påstå at 13,3" er den ideelle storleiken. Eg har prøvd skjermstorleikar på om lag 10, 11 og 12, men det vert, slik eg ser det, for smått i lengda. 13,3" og tastatur er ein føremon viss eg skal jobbe med fag over tid.