På www.ordflyt.no finn vi denne teksten:
"I Ordflyt kan du lytte til over 1000 timer med lydbøker helt gratis.
Øvrig utvalg kan du kjøpe/laste ned til rimelige priser. Registrer deg
gratis og last ned Ordflyt fra denne siden.
Ordflyt er et program du laster ned og installerer på datamaskinen
din. Det ligger ca. 150 lydbøker i Ordflyt som du kan lytte til i sin
helhet – til sammen på over 1000 timers gratis spilletid. Øvrig utvalg
kan kjøpes og lastes ned til rimelige priser.
Alle gratis-titler og alle lydbøker du har kjøpt, kan også høres fra
mobil-app’ene til iPhone/Android. Men kjøp av lydbøker må inntil videre
gjøres fra Ordflyt-programmet på PC/Mac"
Takk til Solveig Rønne frå Stryn vgs som tipsa oss om dette flotte tilbodet.
torsdag 15. november 2012
søndag 11. november 2012
Mobil-appar og dataspel som læringsfremjande verktøy - Gratis konferanse på Hafstad vgs
Vi har gleda av å invitere alle interesserte til ein konferanse om mobil-appar og dataspel kopla mot læring. Alle som ynskjer det må ta turen innom Hafstad vgs på fredag 16. november. NB! Det kan sjølvsagt bli fullt, så du må melde deg på via e-post til terje.torsheim@sfj.no. Før du melder deg på, kan du kose deg med denne historia: Fantastisk utvikling for barn med nettbrett.
Her er programmet for konferansen:
Ta med deg smartmobilen, nettbrettet eller pc-en din og bli med å utforske læringspotensiale i dei nye media som no har blitt allemannseige. Påmeldingsfrist: onsdag 14. november.
Her er programmet for konferansen:
0840-0900 Demonstrasjon av utvalgte Android- og Win8-appar (v/Terje Torsheim)
0905-0915 Om Dragonbox og tanken bak (v/Sigbjørn Hals)
0915-0950 Korleis komme i gang med utvikling av appar (v/Ole Jonny Devik)
1000–1045 Presentasjon av utvalde verktøy frå Microsoft Learning Suite (v/Anne Cathrine Gotaas, Microsoft)
1050 – 1150 Spel som læringsfremjande verktøy (v/ Erik Hoftun, SnowCastle)
1150-1220 Lunch (ta med niste eller kjøp i kantina)
1220 – 1420: Kreativ økt. Idèdugnad, testing av utstyr, val av målsetjingar.
Ta med deg smartmobilen, nettbrettet eller pc-en din og bli med å utforske læringspotensiale i dei nye media som no har blitt allemannseige. Påmeldingsfrist: onsdag 14. november.
250 000 gratis bøker - Bokhylla.no
Denne teksten er henta frå uriks.no. "Nasjonalbiblioteket startet for seks år siden en systematisk digitalisering av alle sine samlinger som et ledd i arbeidet med å bevare dem for fremtiden. Det er også et mål å gjøre så mye som mulig av kulturarven fritt tilgjengelig på nett. Bokhylla er en viktig del av dette arbeidet.
Bøkene i Bokhylla.no er gratis tilgjengelig for å leses på nett av alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikke lenger er opphavsrettslig beskyttet kan også lastes ned og skrives ut. Forfattere, andre opphavsmenn og forlag blir betalt gjennom den kollektive avtalen som nå er inngått mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor.
Så langt man kjenner til er Norge er det første landet i verden som har fått til en slik tjeneste."
Heretter vert det kanskje enklare å "kjøpe" inn klassesett av litteratur som skal lesast? Ta turen innom bokhylla.no.
mandag 5. november 2012
Win8-produkt kjem for fullt
Etter lanseringa av Windows 8 i førre månad dukkar det fortløpande opp nye dingsar. Alt frå tradisjonelle bærbare, hybridar, brett og alt-i-eitt pc-ar. I desse dagar er det altså spennade å vere glad i dingsar.
Microsoft har samla ein del spennande modellar på ei felles nettside.
Sjølv synst eg ATIV-serien til Samsung er spennande. Det er ein hybrid som kjem med digital penn. Du får han i to variantar; ein RT-versjon og ein Pro-versjon. Pro-versjonen køyrer Intel-prosessor, og på denne modellen vil alle dine gamle Windows-program fungere. Det er ein fordel i skulesamanheng, og difor er nok Pro-versjonar meir fleksible enn RT-versjonar førebels.
Eg synst òg at Lenovo IdeaPad Yoga er eit spennande produkt. Den lever opp til namnet sitt og kan brukast i fire ulike posisjonar. Yoga-en kjem i to utgåver: ein 11'' tommar med RT-prosessor og ein 13'' i Pro-utgåve.
Du kan lese meir om Lenovo sine touch-produkt her.
Dingsane i seg sjølv vil jo neppe føre til meir læring i skulen, men det er spennande å sjå kva den nye touch-teknikken kan føre med seg. Det er jo neppe ein dristig påstand å seie at framtidige pc-ar vil i hovudsak verte lanserte med touch-skjerm. Ein del pc-ar vil heilt sikkert òg ha digital penn - og det er spennande i skulesamanheng. Dermed får skule-Noreg "tablets" til prisar vi før kunne drøyme om.

Spennande Smart School
Samsung har starta skulesatsinga si, og tidlegare i år lanserte det koreanske selskapet eit nytt, moderne klasserom. Dei kallar konseptet for Smart School. Her er tavla erstatta med ein flatskjerm, og i kvar pult er det montert ein Galaxy Note 10.1.
Og det ser smart ut; i alle fall viss du er lærar eller elev i grunnskulen. Nokon av det beste med prosjektet er det fokuset som Samsung har på pennen. Elevane har kvar sin digitale penn, og det gjer det enkelt og praktisk å manøvrere på brettet. Lærarane har frå kateteret full oversikt over alle bretta til elevane, og han kan hente opp eit skjermbilete frå ein elev og syne dei andre elvane det på den store flatskjermen. Det gjev pedaogiske vinstar som kontroll, men det vert òg enklare å syne fram gode elevprodukt.
I tillegg fungerer Smart School som eit lite LMS. Lærarane kan på førehand leggje inn innhald i øktene og elevane må klikke seg inn i rett økt på brettet sitt. Dermed får ein distriubuert fagstoffet på same tid som ein tek fråvær. Det er truleg ein god oppstart til ein time.
Les meir om Smart School her.

Brettboka i ny utgåve
Brettboka er ein app som formidlar lærebøker frå forlaga. Førebels er han berre tilgjengeleg til iPad, men utviklarane lovar at han snart skal vere klar for Android og Windows 8.
Det nye grensesnittet til appen gjer det enkelt å gjere annoteringar undervegs. Du kan blant anna streke under, notere og gule ut. Desse endringane vert lagra automatisk.
Det verkar som forlaga - i fråvær av ein nasjonal portal - brukar Brettboka. Difor er det viktig at Brettboka vert tilgjengeleg på alle plattformar til skulestart.
Du kan lese meir om Brettboka her: http://www.brettboka.no/

Abonner på:
Innlegg (Atom)