fredag 27. mai 2011

Photo Story gjer det enkelt å lage informasjonsvideoar

Gjennom vidareutdanninga i IKT har mange av oss blitt kjende med programmet Photo Story. Programmet er eit gratisprogram frå Microsoft og lar oss på ein svært enkel måte kombinere bilete, bevegelse (zooming), tekst og lyd. Photo Story er enkelt å laste ned/installere og ein blir på ein intuitiv og enkel måte guida gjennom prosessen frå å laste opp stillbilete til å ende opp med ein flott liten presentasjonsvideo.

På Hafstad vgs har vi nytta dette programmet til å lage ein video som vi nyttar til å orientere elevar, privatistar, lærarar og vakter om korleis ein skal gjennomføre skriftleg eksamen. Videoen er publisert på heimesida vår.

Det er delte meiningar om kvaliteten på dette programmet. Personar som har mykje erfaring med digitale bilete og videoredigering meiner nok at dette er eit program som har svært mange begrensningar. På Hafstad vgs hadde fleire av oss problem med kvaliteten på lydkommentarane som vi las inn, men etter litt finjustering og øving, så ordna dette seg.

Personleg så meiner eg at det enkle brukargrensesnittet er ein stor fordel for nybyrjarar. Alle lærarane som deltok på vidareutdanninga på Hafstad kom raskt i gang med videoproduksjonen og lukkast med å lage flotte men enkle presentasjonar på relativt kort tid. Mi oppfordring er at de testar ut dette programmet, og evt. introduserer det til elevane dykkar. Kanskje kan dette vere ein litt meir spanandes måte presentere neste prosjektarbeid på?

Trykk her for å laste ned programmet Photo Story.

Trykk her for å sjå informasjonsvideoen om eksamen. (Eit av bileta inneheld ein skrivefeil, men dette vil sjølvsagt bli retta i neste versjon :-).


Facebook-gruppe i Politikk


Innlegg ved gjesteskribent og lærar Linda Røysi, Sogndal VGS:

Etter å ha sett lektor i norsk Liv Marie Skau bruke Facebook i nynorskundervisninga si (sjå TV-innslag her) vart eg inspirert til å prøve å nytte FB med elevane mine i 3 klasse i politikk og menneskerettar no dei siste månadane av skuleåret. Eg oppretta sida med ein plan om å nå elevane der dei er samt for å teste ut om det kunne nyttast som eit læringsverktøy.

Erfaringa mi er at eg når elevane umiddelbart. Me har Fronter som læringsplattform på skulen og då elevane ikkje er innarbeidde med å sjekke læringsplattformen jevnleg så opplever eg ofte at beskjedar som er sende ikkje når elevane. Då alternativet ved vår skule er skule-sms så vart dette noko kostbart i lengda. Til beskjedar og anna informasjon har FB fungert svært godt.

Ei anna erfaring eg har gjort meg er at eg kan legge ut lenker til artiklar, TV program og anna som er relevant. Eg har ikkje forsøkt å gi dette i lekse og be om kommentarar då me kom så seint igang med dette men det er naturleg å forsøke seg på etterkvart. Vidare har og elevar sjølve lagt ut lenker til artiklar og stoff som passar til det me har jobba med i timane. Andre elevar har igjen kommentert på dette. Eg trur nok at her ligg eit potensiale i at elevane kan verta meir aktive med kommentarar og skape fagleg debatt rundt ulike tema som det vert jobba med gjennom året. Målsetjinga mi på sikt er iallefall å skape eit forum for debatt om dagsaktuelle hendingar. Når det gjeld denne formen for kommunikasjon opplever eg og at elevane vert møtt på heimebane og at dei likar det.

Eg er ikkje i tvil om at eg vil halda fram med å nytte FB med denne gruppa, men eg innser og at dette ikkje vil eigne seg i alle grupper. For ei slik enkeltgruppe så har det forenkla min kommunikasjonskvardag med elevane utan tvil!

Lenke til sida til 3POM
http://www.facebook.com/home.php?sk=group_162152727175888&ap=1
(Gruppa er hemleg. Dersom du vil sjå inn i gruppa, be om å få bli med).

torsdag 26. mai 2011

Uttesting av Mentor-verktøyet til IKT-senteret ved Sogndal VGS

http://www.skolementor.no/
På Sogndal vgs, har jeg fått med meg en gruppe personer til å teste ut Skolementor-verktøyet til IKT-senteret. Vi har valgt å bruke demoversjonen på egen hånd, og ikke meldt oss på totaltprogrammet.

I arbeidsgruppa er det representanter for ledelsen, lærere, IKT, og e-pedagoger, og vi har satt av to ganger 1,5 timer til arbeidet. Som digitale innovatør, har jeg vært interessert i å teste ut hvordan verktøyet fungerer, og formidle om erfaringene her. Her på skolen, vil arbeidet bli tatt videre i arbeidet med utviklingsplanen for skolen.
Hva er skolementor?
Skolementor er et nettverktøy utviklet av Conexus for Senter for IKT i utdanningen. Verktøyet blir presentert som følger:
Skolementor er en ressurs for refleksjon og skoleutvikling som støtter skoleledere i arbeidet med digital kompetanse. Ved å bruke Skolementor kan skolens utviklingsplaner og strategier styrkes, for å sikre at skolen gir læring for fremtiden.
 Det har seks kategorier:

  1. Ledelse og rammevilkår
  2. Skolens ressurser
  3. Kartlegging og planlegging 
  4. Digital kompetanse
  5. Pedagogisk praksis
  6. Organisasjon
For hver av kategoriene følger det 4-6 situasjonbeskrivelser, samt nivådifferesnsierte påstander fra 1-5. I brukerveiledningen for verktøyet blir det anbefalt å diskutere påstandene og sette et nivåtall for hvor skolen befinner seg på skalaen innenfor gitte situasjonsbeskrivels. F.eks Under kategori digital kompetanse- finnes det 5 påstander om elevenes digitale kompetanse. Påstanden for nivå 3 er:  "Mange elever har ferdigheter/kunnskaper som gjør dem i stand til å bruke IKT til læringsformål, til å finne og vurdere informasjon og kunnskap og til å bruke digitale verktøy til å løse faglige problemer."


Når situasjonsbeskrivelsene er blitt diskutert og har fått sitt nivå, er det mulig å trykke ut en rapport for hver av kategoriene. Under hver situasjonsbeskrivelse står det da forslag til tiltak for å komme videre på skolen innenfor gitte situasjonsbeskrivelse. For Elevers digitale kompetanse, nivå 3 er foreslåtte tiltak som følger:


"Kartlegg lærernes praksis for å utvikle elevenes digitale kompetanse. Iverksett støttetiltak som gjør lærerne i stand til å videreutvikle elevenes digitale kompetanse innen utvalgte sentrale områder som problemløsning med IKT og kildekritikk. Se dette i forhold til sentrale kompetansemål i Kunnskapsløftet."

Vurdering av verktøyet
I gruppa er vi enige om særlig to ting. På den positive siden er dette et veldig enkelt og raskt verktøy å bruke for å få en oversikt over tingenes tilstand for den digitale kompetanse på skolen. Det er også relevante og aktuelle diskusjoner som kommer opp, og det er relativt enkelt å utkrystallisere hvor skoen trykker. På den mindre positive siden er vi enige om at verktøyet er ladet. Det er ikke nødvendigvis slik at påstandene på nivå 5 passer med skolens holdninger til hva en ønsker med digital kompetanseheving.

Likevel tenker vi rapportene gir gode innspill og forslag til tiltak som kan omformuleres og tilpasses skolens egen verdiplattform og utviklingsplan.

Pålogging
Det er mulig å bestille pålogging, og dermed få tilgang til visualisering av nivåer, og sammelnigning av resultatet mer andre skoler.

tirsdag 24. mai 2011

Artikkel #2 om blogg i undervisningen


I en tidligere [tilt]-artikkel skrev jeg om utbyttet elever har av å skrive blogger. I denne artikkelen forklarer jeg hvordan du som lærer kan planlegge og organisere arbeidet med blogger i opplæringen.
I artikkel #2 får du tips til hvilke tekniske funksjoner i bloggverktøyet blogger.com som er mest relevant for deg å kjenne til som lærer, særlig med tanke på gruppehåndtering, organisering av fagopplæring og hensyn til personvern.


torsdag 19. mai 2011

Ipad #3 - Eleverfaring

Innlegg ved gjesteskribent og bibliotekar på Sogndal VGS, Else Ness:
Utprøving av lærebøker på Ipad ved Sogndal vgs (Sjå Innlegg om Ipad #2-lærebøker)

Eleven som har prøvd ut dette er svært nøgd med Ipaden! Først og fremst fordi det er eit svært praktisk verktøy å ta med overalt, og samanlikna med PC svært lett å bere, og er greitt å handtere trass i at ho har noko redusert rørsleevne i hendene. Dette er svært bra sidan touch-skjermen krev sine finger-ferdigheiter! Det er òg ein fordel å bruke Ipaden som skjerm i lag med tilkobla tastatur, når ein treng å skrive lengre tekstar.

Nettbrett er eit godt leseverktøy med moglegheita å kunne forstørre teksten ved behov. Det er òg ein fordel at ein har alt på ein plass, ein kan lagre alle digitale bøker, alt lærestoffet på same stad, ha rask tilgang til nettsøk og nettet generelt og ha redigerings- og skriveprogram tilgjenge umiddelbart, sjølv om dette òg utgjer den største utfordringa fordi det å skifte mellom program krev tilvenning.

Dessutan er lærebøker digitalt ein fordel også når det gjeld det å halde orden på lærebøkene, noko som ofte er eit problem med papirbøkene. Elevar rotar vekk bøker, forbyter dei med kameraten sine og slit ut bøkene. Dette problemet vil forsvinne med digitalisering av læremiddel, og det vil gjere det enklare for oss (bibliotekarane) som har ansvar for utlån av lærebøker!

Utfordringa ligg i å gjere elevane vane med å bruke digitale lærebøker, det blir ein heilt annan måte å jobbe på enn med papirbøker og PC. Ein har alt gjort erfaringar med dette på nokre skular, der elevane ikkje var nøgde med å ha digitale bøker. Det kan tenkjast at dei komande generasjonane vil ha eit meir avslappa forhold til dette.

Noko vi må finne ut er kor praktisk det er å bruke nettbrett i forhold til PC, for det å bruke data mykje gjer at eit nettbrett kanskje ikkje er det beste verktøyet med den vetle skjermen. Men mykje skjer på tekno-fronten, så større skjermar vil om mogleg dukke opp.
Det hadde vore interessant å fått prøvd ut Ipad eller nettbrett på fleire elevar, gjerne yrkesfagelevar, sidan det kan tenkjast at å lese digitalt og bruke nettbrett med dei moglegheitene det gir for multimedia og visuelle uttrykk, kan vere motiverande i seg sjølv, særleg for gutar som ikkje likar å lese! Nettbrett slik det er i dag kan òg passe yrkesfagselevar bra sidan dei har mindre teori enn elevar på allmenfag, dei les mindre og jobbar mindre med dokumentbehandling, medan nettbrettverktøy kan opne opp for nye spennande måtar å presenterer teorien på. Det skal bli interessant og spennande å følgje med på fortsetjinga!

Læreboka slik ho kan bli:

Al Gore har forfatta ei digital fagbok som ein kan laste ned som eiga app. Det har blitt eit stilig resultat som òg gir oss eit innblikk i framtidas lærebøker. Du kan sjå ein trailar til denne læreboka her:

Al Gore's Our Choice from Push Pop Press on Vimeo.

URL til trailaren


Al Gore's Our Choice from Push Pop Press on Vimeo.

NKUL 2011: Betre resultat i matematikk med IKT?

På NKUL 2011 presenterte Kjetil Idås frå Horten vidaregåande skule sitt opplegg for å auke motivasjon og læring i matematikk. Utgangspunktet hans var at mange av elevane manglar motivasjon for å lære matematikk, og at ein ved å bruke relevante og aktuelle oppgåver samt IKT i undervisninga oppnår auka motivasjon og betre resultat. Horten vgs har lang erfaring med bruk av berbare PC-ar og IKT i skulen, og har vore demonstrasjonsskule frå 2006-2009. Kjetil Idås viste til resultat frå 2P 2010/2011 der klassa hadde eit snitt på 2,34 ved skulestart. I april hadde dette blitt heva til 4,4. Dette er langt over fylkessnittet ved eksamen 2009/2010 som var på 3,0, og landssnittet på 2,8.

Han peika på tre viktige punkt i arbeidet sitt:
  • Bruk av IKT i matematikk må vere noko meir enn å ta i bruk ein ny kalkulator. Stikkord for å nytte IKT er betre effektivitet, betre kvalitet, visualisering av data og tilgang og deling av informasjon.
  • Bruk av IKT gir struktur og orden i arbeidet med matematikk. Han nytta  TI-nspire CAS programvare frå Texas Instruments, der elevane opererte med ei fil pr. kapittel. Kombinert med digitale innleveringar i LMS har han alltid tilgang til elevane si arbeidsbok.
  • Bruk av IKT gir betre kvalitet på arbeidet (her brukte han eit døme med teikning av graf). Når arbeidet ser ryddig, pent og ordentleg ut gjer det noko med sjølvfølelsen til elevane.
Sjå PDF frå presentasjonen til Kjetil Idås, eller les meir om korleis han arbeider på bloggen hans Kjetil - about maths.

NKUL 2011 i Trondheim

NKUL, nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, er ein årleg konferanse i Trondheim. Dette er ein av dei verkeleg store konferansane som set fokus på bruk av IKT i skulen. I år fekk til saman 860 deltakarar, i løpet av tre dagar på Gløshaugen på NTNU, velje mellom eit breitt spekter av plenumsføredrag, sesjonar, verkstadar og utstillarseminar.

Dei digitale innovatørane og fleire av e-pedagogane frå Sogn og Fjordane reiste nordover til Trondheim første veka i mai, for fagleg påfyll og inspirasjon. På heimesida til NKUL kan ein gå inn og lese meir om konferansen. Fleire foredrag og presentasjonar vart filma, og det er også lagt ut ressursar til dei fleste sesjonane. Her kan ein mellom anna sjå Jørund Høie Skaug snakke om Klasseromsledelse med IKT eller Kjetil Idås sin presentasjon om lesing på nett. Plenumsføredraga ligg også tilgjengeleg på nett. Dette var: 
  • Tilstedeværelse og teknologi v/Håkon Fyhn    
  • En fold eller mangfold v/Øystein Johannessen    
  • Who is the teacher? v/Sugata Mitra

onsdag 18. mai 2011

Ipad #2 Lærebøker på Ipad - statusrapport


Innlegg ved gjesteskribent og bibliotekar på Sogndal VGS, Else Ness:
Eg har blitt invitert til å gi ein kommentar på korleis eg har erfart prosjektet med lærebøker på Ipad som vi har prøvd ut på Sogndal vgs denne våren. Og her er kommentaren! (Sjå her for ein introduksjon til prosjektet.)

Eg er bibliotekar på skulen og har i dette prosjektet rolla med å skaffe digitale lærebøker og eventuelle appar som kan vere nyttige for utprøvingseleven når ho skal jobba med lærebøkene på nettbrett.

Forlag og digitale lærebøker
Ved første henvendelse verkar forlaga noko lunkne til prosjektet vårt, nokre fortalte om sine påbyrja prosjekt med utvikling av digitale lærebøker, utan å gi særleg mange detaljar om det. Denne defensive responsen er forståeleg sidan digitale bøker i det heile er ein ny ting i Noreg. Vi har brukt svært lang tid på å utvikle og bruke digitale bøker generelt, samanlikna med nabolanda våre og USA der digitale bøker og lesebrett har vore på marknaden ei god stund alt. Utfordringa har vore å finne gode løysingar på kopisperring vs.fildeling og kompensasjon for tap av inntekter for forlag og forfattarar, noko som hittil for papirbøker har vore regulert av innkjøpsordning og andre typar vederlagsordningar. Det er truleg òg større risiko i forhold til å satse på digitale løysingar og lønsemd enn med den tradisjonelle lærebokproduksjonen.

Ting har likevel skjedd, særleg i 2011, med intro av digitale bøker hjå bokhandlarar og Bokskya, og vi ser slik sett ei noko meir venleg haldning til denne utviklinga frå forlaga si side.

I vårt prosjekt er det PDF av kapitlar frå pensumbøkene Tidslinjer 2 og Mediemøte1 frå Aschehoug, og frå Standpunkt frå CappelenDamm vi har fått bruke. Fullstendige digitale lærebøker, dvs. bøker som i utgangspunktet er produsert som digitale og som ikkje berre er i PDF-format, finst i liten grad på marknaden. Og vi snakkar her om enkelte kapittel av desse bøkene, avgrensa av at dette er eit prøveprosjekt. Får vi bøkene i sin heilheit, noko som er målsetjinga, blir det sjølvsagt kostnader med det.

På eit seminar på Sandefjord vgs nyleg, vart temaet Ipad i skulen diskutert av skulefolk og forlag; kva utfordringar har ein og kva løysingar kan ein utvikle. Dette er omtalt av Jan Gamre på bloggen Ipad i skolen og av Erling Grønlund på bloggen RIKT. Desse to presenterer mange interessante problemstillingar som eg kjenner att gjennom vårt prosjekt. Eg trur, slik òg desse to påpeikar at det er viktig at vi som driv med pedagogisk arbeid på skulane kan få kome med våre synspunkt til forlaga, sidan vi har god innsikt i behova elevane har og korleis digitale verktøy kan brukast pedagogisk.

App'ar for Ipad til bruk på skulen
Ipad og nettbrett var ein nesten like ny ting for meg som det var for eleven som har vore vår "forsøkskanin", så det er fleire av oss i prosjektet som har måtta lære oss korleis nettbrett fungerer og finne ut av mylderet av appar. Eit eige hefte om Ipad-appar frå PC-world gav gode forslag til gode appar slik som Pages, Keynote og Numbers. Elles har vi delt litt på erfaringar og tipsa kvarandre om aktuelle appar som iAnnotate, Evernote og Dropbox. Eleven har først og fremst brukt Evernote og prøvd litt å bruke Pages når ho har skrive dokument. Hennar erfaring er at desse appane ikkje heilt greier å erstatte Office-programmet Word, som er det mest brukte skriveprogrammet elevane brukar, når det gjeld oppsett av dokument, disposisjon og dei praktiske funksjonane ein har der. Og dette er avgjerande for å kunne bruke Ipad som eit fullstendig verktøy for ein skuleelev! Draumen er ein Word-app!

Vi skal no prøve ut Office2 HD som kan løyse dette problemet. Denne appen vil iallefall gjere det mogleg å laste ned word-dokument ein har laga på PC-en til Ipaden, men ein kan òg opprette nye dokument her.

Elles gir Dropbox og Evernote den glimrande og svært praktiske moglegheita å lagre dokument på nettsky. iDisk er òg eit aktuelt program å organisere dokument med, og som vi har planar med å teste ut med eleven.

Meir om korleis eleven har erfart utprøving av Ipad finn du i denne bloggposten!

tirsdag 3. mai 2011

Har du minimus digitale ferdigheiter ein kan vente av ein lærar?

Sidan 2008 har høgskulen i Sogn og Fjordane halde kurs i IKT for lærarar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane på bestilling frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.  I samband med eit evalueringsmøte av "IKT-kurs for lærarar" dei digitale innovatørane har hatt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, kom det fram at spriket i kompetansen hjå lærarane som deltek på kurset er det største problemet ein har gjennomgåande i kurset. Dette gjeld for alle tre modular: "Multimedia - Bilete og video", "Digital læring-bruk av LMS og kontorstøtteprogram" og "Webtenester - digital kommunikasjon".

Som følgje av dette, har Høgskulen utarbeidd eit skriv med oversikt over kva digitale ferdigheiter ein lærar ha før kursstart. Dette er ei liste som kan vere til nytte for fleire, difor legg vi ho ut her. Kom gjerne med innspel dersom du har meiningar om innhaldet:



1.     Operativsytem Windows / evt. Mac
a.     Utforskaren :
                                               i.     få han opp raskt i alle samanhengar
                                             ii.     vite kva skrivebordet er, finne han i utforskaren og kunne legge filer på skrivebordet
                                            iii.     lage mapper
                                            iv.     kopiere og flytte filer mellom mapper
                                             v.     endre namn på filer
                                            vi.     ha oversikt over kva program som finst på maskina og korleis ein kan opne dei
                                          vii.     finne att nedlasta filer (lyd, bilete, video, program, dokument)
                                         viii.     kjenne til dei vanlegaste filformata (.docx, .doc, .jpeg, .ppt, .mov, .pdf, .rtf, .txt, .png, .tiff, .gif)

2.     Officepakken
a.     Kjenne grunnfunksjonar i Word og PPT
                                               i.     Skriftstorleik, val av typer, farger osb
                                             ii.     Sette inn tabell og bilete
                                            iii.     Lagre og finne att dokumentet
                                            iv.     Kopiere og lime/kortfunksjonar (ctrl+C, ctrl+A, ctrl+V, ctrl+Z, ctrl+X)
                                             v.     Opprette og lage ein enkel PPT-presentasjon med ulik skriftstorleik og bilete

3.     Nettlesar
a.     Komme seg på nett
b.     Kjenne grunnfunsjonar i Explorer
                                               i.     Skilje mellom faner og sider/vindauge
                                             ii.     Lage bokmerke
                                            iii.     Forstå grunnstrukturen i ei nettadresse/URL
                                            iv.     Bruke adressefeltet i nettlesaren
                                             v.     Kunne laste ned program frå nett 
c.     Kjenne til fleire nettlesarar enn Microsoft Explorer, som til dømes: Mozilla Firefox og Google Chrome
                                               i.     Kunne laste ned ein av dei frå nett
d.     Kjenne til og kunne grunnleggjande bruk av søkemotorar

4.     Kopling av datamaskin til andre tenester
a.     Utskrift
b.     Bruke minnepenn og/eller ekstern hardisk
c.     Stillbildekamera
d.     Bruk av skanner

5.     Kunne bruke e-post
a.     Har e-post konto
b.     Kan motta og sende e-post
c.     Kan legge til og finne att vedlegg
d.     Kan sende e-post til fleire