tirsdag 21. juni 2011

Send SMS frå Outlook

SMS frå Outlook er ei teneste som har vore tilgjengelig i mange år, men eg trur den er lite kjend. Eg har prøvd ut tenesta sidan nyttår, og har positive erfaringar. Du må laste ned og installere eit tilleggsprogram til Outlook frå Telenor sine nettsider for å kunne ta i bruk tenesta.

Det er ikkje direkte billig å sende SMS frå Outlook (55 øre pr sms) men det kan av og til vere veldig praktisk for dei av oss som likar å ha tilgang til eit fullverdig tastaur når vi skal skrive meldingar. Fordelen med SMS frå Outlook i forhold til SkuleSMS frå Fronter er at mottakar vil sjå at det er frå mitt nummer, og ikkje minst at det legg seg ein kopi av meldinga i "Sent Items-mappa" i Outlook. Det siste kan vere nyttig dersom ein treng dokumentasjon på at meldinga er sendt.

Oppmodar alle (spesielt personar i administrative stillingar) til å prøve ut tenesta. Krev sjølvsagt at de har Telenor-abonnement, men det skal også finnast tilsvarande teneste frå Netcom.

Trykk her for å finne installasjonsrettleiing og nedlastingslink.

Lukke til.

Automatisk varsling når namnet ditt vert publisert på Internett

Google har lansert ei gratisteneste som gjev deg melding når namnet ditt vert publisert på Internett. Du kan konfigurere tenesta slik at du får melding når namnet ditt, på barna dine eller på arbeidsplassen vert nemnt. Eg har nettopp tatt i bruk denne tenesta, og har førebels ikkje motteke noko varsel, men dersom dette fungerer etter intensjonen er det ei nyttig teneste. Dersom vi som foreldre/lærarar brukar denne tenesta aktivt, kan vi kanskje vere med på å redusere/fjerne digital mobbing eller uheldig omtale av elevar, kollegaer eller arbeidsplassen vår.

Les meir om tenesta "Me on the web" her.

(Google har også eit tilsvarande produkt som heiter "Google Alerts")

Kva er det beste nettbrettet?

Gjennom heile skuleåret har eg vore på jakt etter eit godt nettbrett. Ipad har jo vore det desidert mest selde brettet og Samsung Galaxy Tab er vel det einaste brettet som har vore i nærleiken av å kunne bli kalla for ein konkurrent. Sidan nyttår har eg venta på eit brett frå Asus som hadde Windows 7 som operativsystem (OS). Dette trudde eg ville vere det idéelle med tanke på å bruke brettet i ein undervisningssituasjon.

Etter mykje lesing av testar og leiting på nettet har eg enda opp med to interessante artiklar som eg har lyst å dele. Den første er ein artikkel som er forfatta av min gamle studiekompis Bjørn Erik Loftås, som no er redaktør for nettmagasinet "DinSide.no/data". Bjørn tek her føre seg at nettbretta kan vere eit forbigåande fenomen, og at vi i framtida heller vil nytte mobiltelefonen til dei same arbeidsoppgåvene som bretta no blir brukte til.

Les artikkelen til Bjørn her

Den andre artikkelen eg vil at de skal lese presenterer ei oppdatert vurdering av dei nyaste nettbretta som er i handelen no. Artikkelen heiter rett og slett "nettbrettsommeren"

Artikkelen om "nettbrettsommeren" tar føre seg at Windows 7 høver dårleg til nettbrett, og dette trur eg er rett. I 2,5 år har eg no hatt ein berbar pc med trykkskjerm, rett nok med Vista som OS, men trykkskjermfunksjonaliteten har vore svært lite nytta. Kanskje fordi den vart for "kronglete" og upraktisk.

Etter mykje tenking, leiting, vurdering og grubling har vi no endelig gått til innkjøp av nettbrett. Det vart ikkje Asusbrettet med Windows 7 (dette brettet vert kanskje ikkje lansert i Norge). Valet stod då mellom Ipad2 og eit brett med Android som OS. Fordelen med Ipad- og Androidbrett er rask oppstart/respons, suveren batterikapasitet og kanskje aller viktigast; Apps. Både Ipad og Android tillet oss å laste ned mange gratis eller rimelige Apps (tilleggsprogram), og utvalet er stort og stadig veksande.

Eg vågar nesten ikkje skrive dette, men valet vart så vanskeleg at eg enda opp med å bestille to brett. Det første brettet eg tinga vart ein Ipad2 og det andre vart nyaste versjon av Samsung Galaxy Tab 10.1. Så snart vi har mottatt bretta, vil eg saman med ein kollega ved Hafstad vgs gå i gang med å teste dei ut, og vi vil skrive litt om erfaringane våre til hausten. Dersom andre lærarar i regionen har lyst til å låne bretta til utprøving, er dette sjølvsagt mogeleg.

Ha ein fin nettbrettsommar :-)

mandag 20. juni 2011

Rettleiingshefte om foreldrepålogging

Senter for IKT i utdanningen har laga ein rettleiar med forslag til ”beste praksis” når det gjeld kva informasjon føresette skal/bør få tilgang til når dei loggar seg på skulen sine digitale læringsplattformer. Heftet kan lastast ned her.
I vårt fylke er m.a Firda vgs i gang med å teste ut foreldrepålogging i Skolearena, og vi andre lyt nok førebu oss på å gå i gang med dette neste skuleår (2011/2012). I rettleiaren får vi kjennskap til relevant lovverk og nyttige tips til utfordringar som må drøftast før ein sender ut brukarnamn og passord til foreldra.

NYNO skapar utfordringar for eksamen

Omsetjingsprogrammet NYNO har fått mykje merksemd i avisene dei siste vekene. NYNO er eit dataprogram som omset frå bokmål til nynorsk. Lektorlaget slår no alarm og hevdar at programmet vert brukt til å jukse på eksamen. Har de fått med dykk desse sakene?

"Slik jukser man seg til god nynorsk-karakter"
"Holder til en femmer"

Programmet er kanskje ikkje så mykje brukt i vårt fylke, men det verkar som eit spanande verktøy. I følgje omtalen frå produsenten kan NYNO bl.a nyttast til å omsetje f.eks lærebøker frå bokmål til nynorsk. Programmet vil også kunne hjelpe framandspråklege elevar med å produsere nynorsktekstar, dersom dei i utgangspunktet har fått opplæring i bokmål.

Hadde vore veldig kjekt om det var nokon av lesarane av denne bloggen som hadde erfaringar med NYNO og ville dele desse med oss.

Gratis antivirusprogram frå Microsoft

Det er etterkvart blitt vanleg at ein familie har fleire pc-ar i heimen, i alle fall er det slik hos oss. Det er sjølvsagt far i huset som må ordne opp når desse ikkje fungerer, og ein føler seg ofte som ein lokal ikt-administrator i heimen. Ei vanleg utfordring er å finne eit godt antivirusprogram som kan nyttast etter at prøveperioden på det førehandsinstallerte programmet er gått ut. Eg har tidlegare nytta program frå avast.com til dette, og har stort sett gode erfaringar med desse.

Dei siste månadane har eg testa ut den norske versjonen av Microsoft sin antiviruspakke. Programmet heiter Microsoft Security Essentials, er gratis og kan lastast ned frå Microsoft sine nettsider. Programpakken beskyttar mot virus, spionprogram og anna skadeleg programvare og har fungert heilt supert på "mine" fem heimepc-ar.

Du kan også laste ned programmet via nettsida til vår eigen fylkeskommune, då dette inngår i den programpakken som høyrer til elevpc-ordninga. (Du vil då truleg få laste ned den engelske versjonen). Lukke til.

torsdag 9. juni 2011

Voki

Voki er ei gratis, nettbasert teneste som enkelt lar ein lage snakkande avatarar som kan publiserast på nettet. Karakterane kan publiserast både på ulike nettstadar, bloggar, Facebook eller sendast med e-post. Ein kan også leggje ut ei lenkje i Fronter. Moglegheitene er mange! Her kan ein få både snakkande menneske og dyr - eller kanskje julenissen, Obama eller ein buddhist kunne vere av interesse?

Etter å ha tilpassa karakteren kan ein velje bakgrunn. Her er bakgrunnar for alle årstider og mange ulike miljø. Karakteren kan t.d. befinne seg i klasserommet, ved Eiffeltårnet i Paris eller i eit forrykande uver. Ein kan også laste opp eit eige bilete, og bruke dette som bakgrunn. Lyd kan leggjast til ved å ta opptak av eigen stemme enten gjennom telefonen eller ved å bruke mikrofon. Ein kan også skrive inn teksten og velje mellom ulike "stemmer" som gjer teksten om til tale, eller ein kan laste opp ei eiga lydfil.

Ein kan velje om ein vil registrere seg og dermed få ein konto med tilgang til avatarane ein har laga, eller ein kan nytte tenesta utan innlogging.  

Her er som sagt mange moglegheiter, men korleis kan ei slik teneste nyttast pedagogisk? Eg tenkjer meg to innfallsvinklar her. For meg som lærear kunne dette vere ein kjapp og enkel måte å lage ein intro til ein time, eller til å gi elevane beskjedar og oppgåver. Det går raskt, det er artig å lage til og kanskje elevane synest det er interessant å sjå på også? Det er uansett noko annleis, som kan vere med på å fange oppmerksomheta til elevane. For elevane sin del ser eg føre meg at Voki kunne nyttast i samband med t.d. ein presentasjon av eit gruppearbeid, gjerne i kombinasjon med eit blogginnlegg eller anna skriven tekst. Det er enkelt å lage til og krev lite førebuing og instruksjon frå læraren si side.

Eg lagde eit døme som eg tenkte kunne leggjast ut til elevane i forkant av ein geografitime. Her har eg skrive inn teksten, og nytta stemma "Stine" i talesyntesen. Eg prøvde først å skrive på nynorsk, men syntes resultatet vart betre på bokmål. Uansett ville det nok bli betre å lese inn teksten sjølv...


NKUL 2011: Det digitale Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket var på NKUL 2011 og presenterte den digitale satsinga si. Dei har ei imponerande mengd digitaliserte bøker og andre digitale objekt tilgjengelege på nettsidene sine.

I følgje Nasjonalbiblioteket kan ein søke i ein million digitale objekt: aviser, bøker, bilder, tidsskrifter, musikkopptak, nettsider, lydopptak, radio og film. 48 000 bøker kan lesast i fulltekst på nettet i den digitale bokhylla. Meir enn 9000 eldre bøker kan lesast på nett eller lastast ned i PDF-format.

NKUL 2011: Smarte bøker frå Gyldendal...

Gyldendal presenterte si digitale læreboksatsing på NKUL 2011.
Smartbok ei interaktiv online utgåve av læreboka. Denne finst i tre utgåver: 
  • Smartbok Basis: her kan ein zoome, søke, lagre eigne notatar, markere teksten og lage bokmerker.
  • Smartbok Synk: i tillegg til funkjsonane i Smartbok Basis finn ein her innlest tekst som er synkronisert med skrifta i boka.
  • Smartbok Pluss: omfattar alle funksjonane i Smartbok Synk i tillegg til videoar, animasjonar og interaktive oppgåver.
For vidaregåande skule ligg det foreløpig ute bøker i naturfag YF og geografi. Gyldendal tilbyr lærarar å prøve desse lærebøkene gratis med klassene i skuleåret 2011/2012. Tilgang kan bestillast ved å gå inn på det aktuelle læreverket frå denne nettsida.

NKUL 2011: Sosiale medier i klasserommet

Kan vi utnytte elevane sin bruk av sosiale medie i undervisninga? Liv Marie Schou frå St. Hallvard vidaregåande skule i Lier fortalde om sin bruk av Facebook i sidemålsundervisninga (nynorsk). Stikkord frå hennar presentasjon er auka skriveglede, tovegskommunikasjon og aktualitet. Det handlar også om å vere bevisst kven ein skriv for, og å fokusere på positive tilbakemeldingar.

Ho fortalde om sine tankar om det å nytte ei Facebookside som er open for alle i forhold til det å ha ei lukka gruppe internt i klassa. Norsksida til 3STE på Facebook ligg tilgjengeleg for alle, medan i 1. klasse har ho nytta ei lukka gruppe.

Les sjølv om hennar erfaringar i innlegget Facebook i timen i Aftenposten. Prosjektet har blitt omtalt i VG i artikelen Bruker Facebook i undervisningen, og ho har vore på Førkveld 30.03.11.