torsdag 20. desember 2012

Kva ligg under juletreet til dei digitale innovatørane?

Det vert ikkje jul i heimen før far, mor og born har fått seg nokre nye duppedittar. Her kjem ei oversikt over kva som ligg under treet heime hos Tor Egil og Terje. Hos Tor Egil er gåvene epleprega i år. Han har hatt problem med at borna på to og seks år har lagt beslag på Ipaden hans. Derfor får begge jentene sin eigen Ipad i år. Minstejenta, Nanna, får den nye og spennande Ipad-mini og Ella får den rimelige og gode Ipad 2. Sjølv om det no har komme både Ipad 3 og Ipad 4, er gode gamle Ipad 2 eit flott nettbrett som fungerer til det meste. Stabiliteten er heilt fantastisk, og den startar og fungerer "alltid". Ipad mini har omlag dei same spesifikasjonane som Ipad 2 med unntak av at skjermen er mindre. Prisen er også ganske lik på desse bretta (2 500-2 900 kr). Dersom ein bestiller direkte frå Apple sine nettsider, så kan ein også få inngravert ei flott julehelsing på brettet.

Det nye miniformatet på ca 7-8 tommar er spådd som ein ny bestseljar for nettbretta. Til kona har eg kjøpt ein tv frå Samsung der det følgde med eit enkelt lite nettbrett som blant anna kan nyttast som fjernkontroll. Tv-en vart ved eit uhell opna litt før jul, så då måtte vi på ny jakt etter gåver til fruen. Valet falt denne gangen på ein harddisk. Dette har ho nok bruk for. Ho har sakna å ha tilgang til musikken sin både frå mobil, tv, pc og nettbrett. Derfor har eg investert i ein nettverksharddisk til henne. Sidan ho ymta frampå at ho hadde lyst på dei berømte bøkene Fifty shades så er det muleg at eg supplerer med det nye lesebrettet frå bokhandelen digitalbok.no. Dersom ho gir uttrykk for at ho ikkje er nøgd med desse gåvene, treng ho ei påminning på at ho nettopp har fått seg ein spennande kjøkkenpc.

Barna mine er noko eldre enn barna til Tor Egil. Stine på tolv år klarde å argumentere for at den nye Iphone 5 var eit godt val. Malin som er 15 var litt meir økonomisk og gikk for Ipod 5. Etter nok eit uhell i heimen vart også desse tatt i bruk no like før jul. Jakta på nye gåver er i gang, og dersom far i huset får bestemme desse, så landar vi på denne til Stine og kanskje denne til Malin.

Dersom kona mi les dette innlegget, så finn ho denne modellen øvst på ønskelista mi :-)


fredag 14. desember 2012

Microsoft learning suite - nyttig verktøykasse

Microsoft har samla ein del verktøy i det som dei kallar for "Microsoft learning suite". Her er ymse program som er gratis og tilpassa for lærarar. Du treng ikkje å installere alle, men kan velje dei programma som er mest interessante for deg.

Her kan du laste programma ned.

Pakken inneheld ei rekkje program, og er delt inn fire kategoriar: skape, samarbeid, forsking og undervising.
















Moviemaker er ein gamal kjenning for mange. Her kan du lage filmarsnuttar. AutoCollage lagar fine kollasjar raskt, Kodu lagar spel til undervising, Mathematics 4.0 er ein avansert kalkulator og "Worldwide Telescope" lar deg sjå verdsrommet frå alle vinklar og"Interactive classroom" koplar PowerPoint og OneNote.

Eg legg ved ein demonstrasjon frå Microsoft. Den ser på koplinga mellom Partners in learning og Microsoft learning suite. Hugs på at det er ein reklame frå Microsoft, men du ser likevel nokre mulegheiter.


Skjermopptak + OneNote = munnlege presentasjonar?

OneNote er eit godt arbeidsverktøy for både elevar og lærarar, men vi har sakna ein enkel måte å lage undervisingsvideoar i programmet. Dette problemet er ikkje løyst (trur eg), men Community Clips gjer det enklare.

Programmet er lite, og funksjonaliteten er enkel: Du kan ta opp skjermvideoar frå eit program eller eit valt område. Du tek opp muserørsler og innlesing, sjølvsagt, og videoen kan leggjast inn i OneNote i etterkant. Programmet fungerer offline, og det gjer at det kan brukast i ein prøvesituasjon. Med eit headset kan elevane slik lage gode presentasjonar som skjermvideo, og i nokre tilfelle kan det erstatte andre vurderingar - og læraren har høve til å lage spennande undervisingsvidoear.

Du kan laste progammet ned her.

Her er ein video som demonsterer samdrift mellom OneNote og Community Clips.


torsdag 15. november 2012

Gratis lydbøker - Ordflyt.no

På www.ordflyt.no finn vi denne teksten:
"I Ordflyt kan du lytte til over 1000 timer med lydbøker helt gratis. Øvrig utvalg kan du kjøpe/laste ned til rimelige priser. Registrer deg gratis og last ned Ordflyt fra denne siden.
Ordflyt er et program du laster ned og installerer på datamaskinen din. Det ligger ca. 150 lydbøker i Ordflyt som du kan lytte til i sin helhet – til sammen på over 1000 timers gratis spilletid. Øvrig utvalg kan kjøpes og lastes ned til rimelige priser.
Alle gratis-titler og alle lydbøker du har kjøpt, kan også høres fra mobil-app’ene til iPhone/Android. Men kjøp av lydbøker må inntil videre gjøres fra Ordflyt-programmet på PC/Mac"

Takk til Solveig Rønne frå Stryn vgs som tipsa oss om dette flotte tilbodet.

søndag 11. november 2012

Mobil-appar og dataspel som læringsfremjande verktøy - Gratis konferanse på Hafstad vgs

Vi har gleda av å invitere alle interesserte til ein konferanse om mobil-appar og dataspel kopla mot læring. Alle som ynskjer det må ta turen innom Hafstad vgs på fredag 16. november. NB! Det kan sjølvsagt bli fullt, så du må melde deg på via e-post til terje.torsheim@sfj.no. Før du melder deg på, kan du kose deg med denne historia: Fantastisk utvikling for barn med nettbrett.

Her er programmet for konferansen:


0840-0900 Demonstrasjon av utvalgte Android- og Win8-appar (v/Terje Torsheim)
0905-0915 Om Dragonbox og tanken bak (v/Sigbjørn Hals)
0915-0950 Korleis komme i gang med utvikling av appar (v/Ole Jonny Devik)
1000–1045 Presentasjon av utvalde verktøy frå Microsoft Learning Suite (v/Anne Cathrine Gotaas, Microsoft)
1050 – 1150 Spel som læringsfremjande verktøy (v/ Erik Hoftun, SnowCastle)
1150-1220 Lunch (ta med niste eller kjøp i kantina)
1220 – 1420: Kreativ økt. Idèdugnad, testing av utstyr, val av målsetjingar.


Ta med deg smartmobilen, nettbrettet eller pc-en din og bli med å utforske læringspotensiale i dei nye media som no har blitt allemannseige. Påmeldingsfrist: onsdag 14. november.

250 000 gratis bøker - Bokhylla.no

Denne teksten er henta frå uriks.no. "Nasjonalbiblioteket startet for seks år siden en systematisk digitalisering av alle sine samlinger som et ledd i arbeidet med å bevare dem for fremtiden. Det er også et mål å gjøre så mye som mulig av kulturarven fritt tilgjengelig på nett. Bokhylla er en viktig del av dette arbeidet.
Bøkene i Bokhylla.no er gratis tilgjengelig for å leses på nett av alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikke lenger er opphavsrettslig beskyttet kan også lastes ned og skrives ut. Forfattere, andre opphavsmenn og forlag blir betalt gjennom den kollektive avtalen som nå er inngått mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor.
Så langt man kjenner til er Norge er det første landet i verden som har fått til en slik tjeneste."
Heretter vert det kanskje enklare å "kjøpe" inn klassesett av litteratur som skal lesast? Ta turen innom bokhylla.no. 

mandag 5. november 2012

Win8-produkt kjem for fullt

Etter lanseringa av Windows 8 i førre månad dukkar det fortløpande opp nye dingsar. Alt frå tradisjonelle bærbare, hybridar, brett og alt-i-eitt pc-ar. I desse dagar er det altså spennade å vere glad i dingsar.

Microsoft har samla ein del spennande modellar på ei felles nettside.

Sjølv synst eg ATIV-serien til Samsung er spennande. Det er ein hybrid som kjem med digital penn. Du får han i to variantar; ein RT-versjon og ein Pro-versjon. Pro-versjonen køyrer Intel-prosessor, og på denne modellen vil alle dine gamle Windows-program fungere. Det er ein fordel i skulesamanheng, og difor er nok Pro-versjonar meir fleksible enn RT-versjonar førebels.

Eg synst òg at Lenovo IdeaPad Yoga er eit spennande produkt. Den lever opp til namnet sitt og kan brukast i fire ulike posisjonar. Yoga-en kjem i to utgåver: ein 11'' tommar med RT-prosessor og ein 13'' i Pro-utgåve.

Du kan lese meir om Lenovo sine touch-produkt her.

Dingsane i seg sjølv vil jo neppe føre til meir læring i skulen, men det er spennande å sjå kva den nye touch-teknikken kan føre med seg. Det er jo neppe ein dristig påstand å seie at framtidige pc-ar vil i hovudsak verte lanserte med touch-skjerm. Ein del pc-ar vil heilt sikkert òg ha digital penn - og det er spennande i skulesamanheng. Dermed får skule-Noreg "tablets" til prisar vi før kunne drøyme om.

Spennande Smart School

Samsung har starta skulesatsinga si, og tidlegare i år lanserte det koreanske selskapet eit nytt, moderne klasserom. Dei kallar konseptet for Smart School. Her er tavla erstatta med ein flatskjerm, og i kvar pult er det montert ein Galaxy Note 10.1.

Og det ser smart ut; i alle fall viss du er lærar eller elev i grunnskulen. Nokon av det beste med prosjektet er det fokuset som Samsung har på pennen. Elevane har kvar sin digitale penn, og det gjer det enkelt og praktisk å manøvrere på brettet. Lærarane har frå kateteret full oversikt over alle bretta til elevane, og han kan hente opp eit skjermbilete frå ein elev og syne dei andre elvane det på den store flatskjermen. Det gjev pedaogiske vinstar som kontroll, men det vert òg enklare å syne fram gode elevprodukt.

I tillegg fungerer Smart School som eit lite LMS. Lærarane kan på førehand leggje inn innhald i øktene og elevane må klikke seg inn i rett økt på brettet sitt. Dermed får ein distriubuert fagstoffet på same tid som ein tek fråvær. Det er truleg ein god oppstart til ein time.

Les meir om Smart School her.



Brettboka i ny utgåve

Brettboka er ein app som formidlar lærebøker frå forlaga. Førebels er han berre tilgjengeleg til iPad, men utviklarane lovar at han snart skal vere klar for Android og Windows 8.

Det nye grensesnittet til appen gjer det enkelt å gjere annoteringar undervegs. Du kan blant anna streke under, notere og gule ut. Desse endringane vert lagra automatisk.

Det verkar som forlaga - i fråvær av ein nasjonal portal - brukar Brettboka. Difor er det viktig at Brettboka vert tilgjengeleg på alle plattformar til skulestart.

Du kan lese meir om Brettboka her: http://www.brettboka.no/



 

mandag 18. juni 2012

30 000 kunstverk

På vg.no kan vi lese at Munch-museet blir ein del av Google Art Project (GAP), ei plattform der sentrale museum over heile verda gjer kunsten sin tilgjengeleg ved hjelp av Googles teknologi.
Bileta blir gjengjevne i form av fotografi med høg oppløysing. Tilgangen til bileta er gratis.
GAP vart etablert i fjor og inneheld over 30 000 kunstverk fra 151 utstillingsstadar og 40 land verda over

torsdag 14. juni 2012

Nokre inntrykk frå NKUL 2012

Som vanleg var NKUL 2012 eit mangfald av presentasjonar, utstillarar og dingsar. Etter tre dagar i Trondheim sit ein følgjeleg att med mange inntrykk og idear. Eg vil her presentere noko av det eg opplevde i Trondheim.

Tor Egil Furevikstrand og Terje Torsheim presenterte eit nytt og spennande prosjekt i Sogn og Fjordane: "Det komplette nettbrettet". Dette går ut på å nytte nettbrettet Samsung Slate 7 i undervisninga. Ein viktig skilnad med dette nettbrettet, i forhold til andre nettbrett som har vore prøvd før, er at ein her kan nytte Microsoft sin programvare - og både Microsoft og Samsung støttar prosjektet. Prosjektet har ein eigen blogg der ein kan følgje med på utviklinga. Anbefalast!


NRK Skole viste korleis ein kan finne videoar til bruk i undervisninga. For faga naturfag, norsk, samfunnsfag og religion/RLE er videoklippa ordna etter kompetansemål.

Av Microsoft fekk vi sett korleis ein kan nytte formeleditoren i Word og OneNote til å skrive matematiske uttrykk og formar. Kombinert med kalkulatoren Microsoft Mathematics 4.0 og WordMat kan elevane skrive, teikne grafar i både 2D og 3D, løyse likningar, ulikskapar og algebraiske uttrykk rett i Word eller OneNote. Andregradsfunksjonen til høgre er både teikna, derivert og integrert direkte i Word.


Bruk av videosnuttar i matematikkundervisninga var eit tema for fleire sesjonar. Gulleplevinnaren Roger Markussen presenterte sine erfaringar med omvendt undervisning. Kort sagt går dette ut på at han lagar videoar der han går gjennom nytt stoff i matematikk, og så gir han elevane i lekse å studere videoane. På den måten kan han nytte tida i klasserommet til oppgåveløysing, og til å samtale med elevane. Les meir om Roger Markussen og omvendt undervisning her.

NDLA og Kahn Academy vil samarbeide om å gjere videoane frå Kahn Academy lettare tilgjengelege for norske elevar og lærarar. Og her er ei anna side der ein kan finne videoar i matematikk. Desse er utvikla av ein frivillig organisasjon UDL (Utviklere av Digitale Læremidler), og er på norsk.

Wilhelm Egeland demonstrerte døme på korleis ein kan nytte digitale ressursar for å få ein god studieteknikk. Mellom anna kan ein nytte mobiltelefonen til å ta bilete, film eller som lydopptakar. Digitale tankekart kan lagast enkelt og gratis på nett: https://bubbl.us/. Tankekartet under er eit døme på korleis eit slikt tankekart kan sjå ut. Det er enkelt å redigere tekst, endre fargar og endre plassering på "boblene"




torsdag 10. mai 2012

Nasjonalt pilotprosjekt ved Hafstad vgs og Dale vgs

Hafstad vgs og Dale vgs set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å utnytte ny teknologi i undervisninga. Målet er å finne ut korleis den aller nyaste datateknologien, kombinert med godt tilpassa programvare, kan gje elevane endå betre læring. To skuleklassar, ein på Hafstad vgs og ein på Dale vgs, får kommande skuleår prøve ut "det komplette læringsbrettet". Dette kombinerer det mest moderne innanfor datautstyr, programvare og digitale læremiddel.

"Det komplette nettbrettet” er arbeidstittelen for prosjektet. Målsettinga er å gje eit digital løft for skulen, i første omgang for dei to skulane som samarbeider om prosjektet, og i neste omgang for fleire skular og klassar.
Dei «Digitale Innovatørane» Tor Egil Furevikstrand (Dale vgs) og Terje Torsheim (Hafstad vgs) er begge E-pedagogar, og har samarbeidd om prosjektet sidan februar i år. Onsdag 9. mai presenterer dei det nasjonalt i Trondheim. Det skjer på NKUL, ein nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring.
-Både internasjonale, nasjonale og lokale samarbeidspartnarar er med, og det er heilt avgjerande for å kunne realisere prosjektet økonomisk. Eg er kjempeglad for at vi får dette til, seier Tor Egil.
Sentralt i prosjektet er siste utgåve av nettbrett frå Samsung, supplert med det nyaste av programvare frå Microsoft og med tilpassa digitale læremiddel frå dei største lærebokforlaga, Gyldendal og Aschehoug. NDLA, som er eigd av fylkeskommunane, er også med. I tillegg til dei internasjonale og nasjonale samarbeidspartnarane kjem også samarbeid med lokalt næringsliv, mellom anna Sunnfjord Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Enivest. Så her er det mange som dreg lasset i lag.
Rektor Gro Fivelsdal ved Dale vgs ser fram til at skulen får eit digitalt løft med mykje nytt utstyr, tilpassa læremiddel og god læring på ein moderne måte.
-Det blir ein av førsteklassane våre på studiespesialisering som får vere med i prosjektet kommande skuleår, saman med lærarane i klassen. Det er utruleg spennande at ein liten skule som vår kan vere med på noko så nyskapande som dette, seier ho.
Også rektor ved Hafstad vgs, Grethe Øren, har store forventningar til prosjektet.
-Dersom erfaringane viser at bruk av eit avansert nettbrett fører til meir læring for elevane, må ein vurdere i kva grad det er muleg å satse endå meir på slike nettbrett i framtida.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sentralt er sjølvsagt også med. Rådgjevar Sture Førre er Opplæringsavdelinga sin mann i prosjektet.
Samarbeidspartane vil i praksis vise at dei tek samfunnsrolla på alvor og er samde om at det er svært viktig å investere i ungdom ved å gje dei best mogeleg opplæring.
Prosjektleiarane har laga eigen blogg der du kan finne meir informasjon: http://detkomplettenettbrett.wordpress.com/
På bloggen kan du også høyre Terje og Tor Egil bli intervjua på NRK1 Sogn og Fjordane om prosjektet.

Stor takk til Rune Dale for dette innlegget.

tirsdag 24. april 2012

SOGN OG FJORDANE LÆRARSTEMNE

Fredag 20.april var eg føredragshaldar på lærarstemnet i Sogndal. Eg tok føre meg praktisk bruk av SMARTboard i undervisninga. Det var utruleg kjekt at så mange ville delta på denne økta og eg håpar alle fekk med seg nokre tips til korleis dei kunne bruke SMARTboardtavla.

Her er presentasjonane - last dei gjerne ned :-)

(Du må ha programvaren til SMARTboard : NOTEBOOK for å kunne sjå presentasjonen) Den finn du her.


Presentasjon lærarstemnet
Jeopardy_norsk2STA

torsdag 22. mars 2012

Ein skikkeleg smart penn



Eg kom over ei side som presenterte SMARTPENN, og eg såg fort at dette kunne vere eit nyttig verktøy for meg i undervisninga mi.

Dette er verkeleg ein smart penn. Den kan ta opptak av alt du seier eller høyrer, i tillegg lagrar den alt du skriv og teiknar slik at du lett kan finne det igjen. Det er veldig lett å overføre notatane og opptaka dine til ein PC. Det er også svært enkelt å ta dele opptaka og notatane dine med andre via Evernote, Google Doc, iPad, Facebook, One Note og PDF.

Eg brukar den saman med elevar som treng tilrettelagt undervisning. Det er ein motivasjonsfaktor når me har lesing. Elevane les høgt og kan høyre sitt eige opptak etterpå. Me brukar den til frie samtalar og på andre område der me vil dokumentere kva me går gjennom.

Eg har brukt den på store forelesingar, eg tek notatar og pennen tek opptak av det som blir sagt – dermed får eg med meg ALT som skjer :-) Det er sjølvsagt viktig å få godkjenning av foredragshaldar først.

Pennen er rett og slett super til å forklare elevane t.d matematikk. Lærar kan trinn for trinn skrive og forklare korleis ein reknar ut ei andregradslikning. Dette kan leggast ut på Facebook eller Fronter og elevane kan høyre og sjå det om og om igjen til dei forstår framgangsmåten.

Ein kan også leike seg litt med pennen. Du kan spele piano med ulike rytmar til eller laste med ordbøker slik at pennen hjelper deg med spanske eller tyske ord som du ikkje hugsar. Som sagt – dette er verkeleg ein smart penn


Helsing Vibeke Rinde

tirsdag 13. mars 2012

Bruk lydfiler som vurderingsgrunnlag i norsk munnleg


Det er veldig kjekt å kunne få skrive eit innlegg om innovatørkollega Tor Egil Furevikstrand. Eg hadde gleda av å få høyre eit foredrag av Tor Egil på konferansen "Vurdering for læring", i regi av Udir.

Tor Egil lar elevane få levere lydfiler (som dei har laga ved hjelp av billig, men god teknologi) der dei analyserer ulike teksttypar i norskfaget. Elevar som normalt sett ikkje torer å ta ordet i ein «normal» klasseromssituasjon, har no fått høve til å levere fyldige og særs gode munnlege prestasjonar.
Tor Egil er som alltid engasjert og deler gjerne erfaringane sine dersom du tek kontakt.

mandag 12. mars 2012

Matematikk – Nyhende frå Cappelendamm og GeoGebra


For nokre veker sidan arrangerte Cappelendamm fagseminar for oss matematikarar. Dei hadde
sett i hop eit flott program med ei imponerande rekkje av forelesarar. Det er
ikkje kvardagskost å få møte ressursar som Markus Hohenwarter
(Geogebra-gründer), Thommas Norddal, Tore Oldervoll og Sigbjørn Hals i løpet av
ein og ein halv dag i Oslo.

Seminaret starta med ein liten repetisjon av korleis vi kan nytte gratisprogrammet MS
Matemathics 4.0 til å utføre utrekningar som lett kan setjast inn i Word. Dette
vil kunne vere tidsparande i samband med del 2 på matematikkeksamen. Vi fikk
også demonstrert ein ny (gratis) dansk reknemotor som heiter WordMat.
Reknemotoren kan integrerast i både Word og Geogebra og ser «skremmande»
effektiv ut. Eg har ikkje fått testa ut WordMat sjølv, men du finn meir
informasjon her: http://www.eduap.com/WordMat/ og ein liten demo her.

Sinusforfattar Tore Oldervoll heldt ei tordentale om korleis Udir tolka læreplanar og
kompetansemål i samband med vårens eksamen i R1. I følgje Oldervoll så vurderer
Udir dagens matematikklærarar til å vere så kompetente at dei tolkar
kompetansemåla som langt breiare enn det dagens lærebøkjer dekkjer. Eg har
sendt ut ppt-presentasjonen frå Oldervoll til lærarar i matematikknettverket, men
du vil også finne ei lenkje til alle presentasjonane frå seminaret i slutten av
dette innlegget.

Pedagogikkprofessor Thommas Norddal nytta forskninga til Hattie til å fortelje oss om kva som har målbar positiv effekt på læring. For meg var det overraskande å høyre at det å
ha variasjon i undervisninga ikkje har synleg positiv effekt på læringsresultat. Gode og trygge relasjonar mellom lærar og elev er i følgje Norddal ein svært viktig faktor.

Geogebragründer Markus Hohenwarter hadde tatt turen til Oslo for å fortelje oss litt om
bakgrunnen for Gegogebra og kva vi kan vente av nyhende framover. Det var
fasinerande å høyre at Markus hadde laga GeoGebraprogrammet i samband med
masteroppgåva si i matematikk. Når han var ferdig med utdanninga ville han
søkje seg lærarjobb, men det var ingen som kunne tilby han arbeid fordi det var
overkapasitet av lærarar i Austerrike. Heldigvis fikk Markus litt seinare eit
stipend for å arbeide vidare med GeoGebra. I dag er GeoGebra brukt av
millionvis av elevar over heile verden, og Markus har t.d 200 personar som
arbeider med oversetjing av programmet til ulike språk rundt om i verden.

Før skulestart hausten 2012 vil vi få ny versjon av GeoGebra, versjon 4.2. Denne
versjonen vil innehalde eige CAS-verktøy. I framtida vil vi også få Geogebra
5.0 som vil innehalde 3D-funksjonalitet. Vi vart også informerte om at det er
ei eiga nettside for norske brukarar som du finn på www.geogebra.no

Sigbjørn Hals avrunda seminaret med stille spørsmålet om elevane våre verkeleg lærer
matematikk i matematikktimane. Sigbjørn meiner vi har mykje å gå på når det
gjeld å arbeide med problemløysing i faget. Å løyse lange algebraiske uttrykk
over fleire linjer i kladdeboka meiner Sigbjørn kan vere demotiverande for
elevane.

Alltid hyggelige og smilande Anne Gry Sandvoll informerte oss om at vi ville finne
presentasjonane frå seminaret på følgjande lenkje: Vi vil også få nye passord til lærarsidene til Sinus ved å registrere oss på http://www.cdu.no/.

Gå på museum frå sofakroken (eller skulebenken)

No kan du vitje heile 87 museum og utforske 6 utstillingar og over ein million ulike objekt direkte frå sofakroken. Alt dette finn du på www.digitalmuseum.no, og det er sjølvsagt heilt gratis. Dersom du registrerer deg vil du i tillegg kunne dele kunnskap med andre, vurdere objekt og skrive kommentarar. Du kan også samle objekt i eigne mapper. Eg har prøvd ut tenesta ved å søkje på «jølster» og fikk ut heile 32 sider med ulike bilete relatert til historie, kunst og handtverk frå Jølster. Du finn også tilsvarande teneste i Sverige på www.digitalmuseum.se

tirsdag 6. mars 2012

Lær å bruke OneNote (digital ringperm) på 2 x 4 minutt


Kort fortalt er OneNote ein ny måte å halde orden på notatar som ein skriv på pc-en, og filer, bilete, presentasjonar som ein enten lagar sjølv, eller som læraren delar ut. Det vert ofte omtalt som ein digital ringperm med inndelingar i skiljeark og notatar. Programmet er særs enkelt å bruke både for lærarar og elevar, dersom ein har brukt f.eks Word før.
Å kjenne til bruk av OneNote bør etter kvart definerast som ein grunnleggande ferdighet både for lærarar og elevar. Alle lærarar har gratis tilgang til programmet via Office-pakken (Word, Excel, Powerpoint, OneNote, osv). Alle elevar i vårt fylke har også tilgang til OneNote, enten fullversjonen gjennom Officepakken, eller ein komprimert gratisversjon via windows live.

Del 1: Kva er OneNote
Del 2: Bruk av OneNote
Stor takk til Magnus Nohr som har delt desse videoane.
Du finn fleire OneNote videoar her

onsdag 15. februar 2012

Vindauge mot framtida – eller Windows om du vil

Heime frå nettbrettsamling i Sandefjord. Artig seminar, sjølv om dyrkinga av iPad og Jobs bok
til tider fekk religiøse overtonar. Men spøk til side. Er nettbrettet framtida i norsk skule? Det trur eg, men eg er meir usikker på om det er iPad som vert skuleverktyet. Eg hallar meir mot nettbrett med Windows 8.

For no etablerer Microsoft seg på brett – eller «slate» – som dei vel å kalle det. Det har vore brett som køyrer Windows 7 i sal ei stund, men utviklinga skyt fyrst fart når bretta byrjar køyre Windows 8, eller Metro om du heller vil. Windows Metro er eit nytt grensesnitt som er tilpassa
nettbrett og touch. I staden for ikon er Metro sett saman av fliser som du kan navigere via. I tillegg kjem Office-pakken i ny utgåve, også denne er tilpassa touch. I sum gjer dette til at du kan bruke klassiske Windows-program på brettmediet. Spennande. For utviklinga går mot touch.

Men heldigvis vil ikkje Microsoft låse produkta sine til ein plattform; dei vil at programma skal verke uavhengige av kva duppedings du brukar. Denne tanken er spennande. Det er forbrukaren som tek styringa, og slik nærmar vi oss eit spennande felt: «Bring your own device». Tenk deg at elevar kan velje kva verkty dei vil ta med seg på skulen: smarttelefon, nettbrett eller pc? Same kva dei vel, skal dei få tilgang til dei programma som dei treng via server – eller html 5 om du vil. Spennande ordning - i alle fall som supplement.

Men Microsoft er òg oppteken av drift. Duppedingsane skal kunne driftast og kontrollerast. Det vil gjere det lettare å bruke dei i vurderingssituasjonar, og ein kan styre kva dei skal innehalde. Men når det er sagt, kjem eit gamalt spørsmål til orde: Eleveigde eller fylkeseigde brett? Eller gjere som Ole Brumm aldri gjorde; å seie «ja takk, begge delar»? Eg kunne tenkt meg Windows-brett til alle elevar og «bring your own device» som supplement. Dobbelt spennande.

Dessutan er skya over oss. Alt kan lagrast i skya no. Og alle program kan hentast frå skya. Denne tenesta heitte før «live@edu», og alle elevane i fylkeskommunen har tilgang her. No skiftar tenesta namn til «Office365 for education». Skytenester er komne for å bli. Dei òg.

Heilt til slutt: Touch-teknologien går fort, og det er muleg å lage store touchskjermar. Desse er i liten grad masseprodusert, men eit spennande unnatak er «Surface 2». Det er ein pc som er forma som eit bord. Tenk deg at heile kateteret skal blir ei stor digital flate. Det må vere lov å kalle ein digital revolusjon.

Ei skikkeleg smart bok

Skal nettbrettet fungere i norsk skule, må nokon produsere innhaldet. Gyldendal har teke dette ansvaret på alvor. Med smartbok.no har dei lansert ein portal som gjev elevane ei digital lærebok som det luktar framtid av.

Lat det vere sagt: Den smarte boka ser framleis ut som ei bok. Du blar i ei bok. Det er trygt og det er kjent, men det er så mykje meir. Her er bilete, videoklipp, noterings- og markeringsverkty og dessutan er all brødteksten lesen inn av skodespelarar. Du kan altså lære både ved å sjå, lytte
og lese.

Fram til sommaren kan ein prøve ut verktyet gratis, men til skulestart vil det vere klart til bruk for pc og iPad. Versjonen til Android kjem til seinare i haust. Dei andre forlaga kjem nok etter, men førebels verkar det som Gyldendal har teke leiinga, og det er herleg med digitale bøker som er meir enn ein pdf.

Eit tips i OneNote

Visste du at du kan spele inn lyd og video i OneNote? Heilt sikkert. Men viss du noterer stikkord medan du snakkar, kan du bruke stikkorda til å navigere i den munnleg fila i etterkant. Altså: Viss du skal snakke om: sauer, geiter og hestar, kan du skrive inn eit stikkord når du byrjar å snakke om det. Skal du høyre gjennom opptaket ved eit seinare høve, treng du ikkje å høyre gjennom fire minutt med saueprat, viss det var info om geita du skulle ha tak i. Du kan berre halde musepeikaren over stikkordet: «geiter» og vips: Så dukkar det opp eit avspelingsikon ved sida av. Trykk på det og så kjem nok både Blåmann og Vinje heim til deg.

tirsdag 14. februar 2012

Bildebrev frå Nettbrettkonferansen i Sandefjord

Som eit lite eksperiment har eg prøvd å lage eit lite bildebrev frå Nettbrettskonferansen som Tor Egil og eg var på i Sandefjord i førre veke. Bildebrevet er laga som ei videofil og deretter publisert på YouTube, og til slutt bygd inn i dette blogginnlegget.

Eg merkar at eg kanskje ikkje har den heilt beste "radiostemma" og at det krevst trening både i pusteteknikk og tonefall, men eg håpar at noko av innhaldet vil vere av interesse.

I innlegget tek eg føre meg dette:
Ipadprosjekta ved Gjennestad vgs og Sandefjord vgs (etter 17 sek)
Ressurssenter for IKT (RIKT) om bruk av Ipad (etter 4.17)
Bibliotektenesta ved Sandefjord vgs om nettbrett og innkjøp av digitale lærebøker (etter 6.37)
Lærebokforlaga om nettbrett og digitale lærebøker (etter 10.30)

Lukke til

onsdag 1. februar 2012

Nysatsing på digital innovasjon

Dei digitale innovatørane var ikkje heilt døde. Dei har berre lege i dvale ei stund. Rett nok ikkje i si originale form, og om ikkje i ei ny og betre utgåve, så har i alle fall fire pedagogar fått i oppgåve å føre den digitale innovasjonen vidare. Fire pedagogar som gler seg til å ta fatt på oppgåva, og eg har fått ansvar for å leie arbeidet.

Kjært barn har som kjent mange namn. Men den nye satsinga er førebels namnlaus. Arbeidstittelen er «Nettverk for IKT», men vi kjem nok opp med noko meir fancy på sikt. Det som derimot er bestemt, er at medlemmane vert Vibeke Rinde frå Årdal vgs, Kari Elisabeth Aasebø frå Firda vgs, Terje Torsheim frå Hafstad vgs og underteikna, som altså er Tor Egil
Furevikstrand frå Dale vgs. Kari Elisabeth og Terje er kontinuitetsberarar frå dei digitale innovatørane, medan Vibeke og eg er rekruttert i kraft av å vere e-pedagogar.

Nettverket har kome i stand etter initiativ frå Sture Førre. Sjølv om eg skal leie denne gruppa, skal strukturen vere flat. Vi har fått tildelt midlar til å prøve ut digitale nyvinningar og ny programvare, reise på seminar for å halde oss oppdaterte og formidle røynsler og synspunkt via denne bloggen. I tillegg vil vi vere aktive på Impulskonferansen. Ambisjonen er å vere eit slags bindeledd mellom e-pedagogane og opplæringsavdelinga. Og berre så det er sagt: Vi er mottakelege for innspel. Har du tips? Er det noko du vil prøve ut, kan det vere at vi kan hjelpe til, anten økonomisk eller med gode råd.

Men vegen vert som kjent til medan ein går. Og i fyrste omgang går vegen til Sandefjord. Terje og Tor Egil skal på konferanse om nettbrett. Vi lovar å melde tilbake nokså breitt om alt som har med brett å gjere.

Best hels
Tor Egil

Tankar etter BETT

«London calling» heiter det. «You BETT», er det freistande å svare. Og BETT er stort. For stort? Muleg det, men uansett ei uomtvisteleg kjelde til inspirasjon. Og hovudinntrykket er at «smartboards» er in. Det finst tallause leverandørar av slike digitale tavler. På BETT såg eg minst ei digital tavle på kvar stand. Og på skulen «City of Westminster College» hadde dei ikkje
mindre enn 108 tavler. Slå den!


Og vil du ikkje investere i «smartboards», finst det andre smarte løysingar. Med eBeam kan du gjere eit whiteboard om til eit smartboard på ein grei og enkel måte. (Eg merkar raskt at vi treng nokre gode, norske avløysarord for desse moderne tavlene.) Og har du lyst å bruke ein vegg som ei stor tavle, kan du sparkle og måle veggen med maling frå Muraspec. Kombinert med eBeam, så
har du brått ein digital vegg. Mulegheitene er mange; det er opp til deg å utnytte dei. Viss du vil, då.

Sjølv er eg usikker. Vibeke Rinde og mange i Sogn er ikkje det. Dei satsar på smarte tavler (elendig ord). Det er spennande, men satsinga krev at lærarane legg om undervisninga si. For sjølv om tavlene er aldri så smarte, så står du framleis med ryggen til elevane og føreles. Og det i seg sjølv er ikkje eit framsteg. Men når det er sagt; eg er ikkje i tvil om at Vibeke vil vise gode døme på bruk av smartboard her i bloggen. Garantert.


Viss eg hadde jobba i grunnskulen, ville ikkje eg ha vore i tvil. Der har eg tru på aktive, tavlekrotande elevar som kan peike på aldri så mange byar i Belgia. I vidaregåande skule hallar eg derimot meir mot podiet: Ein tablet-pc med Windows 8, kopling til videokanon, eit podium, og vips, så har du eit spennande supplement til føredraget – ikkje det at vi skal førelese heile tida, men av og til er det naturleg. Og med ein digital penn kan du i tillegg gjere notatar som du raskt kan lagre i Fronter.

Dette vil eg teste ut. Eg såg i London at Samsung kom med ein alt-i-eitt-pc som kunne fungere som eit brett. Det same gjer Lenovo no. Spennande saker. Ikkje berre for podiet, men òg for skrivepulten. Som norsklærar saknar eg eit stort brett som eg kan jobbe med elevtekstar på. Dei kjem no. Eg og Terje kjem til å teste ut denne teknologien i tida framover, men fyrst må vi få
tak i duppedingsane. Vi gler oss.