torsdag 26. august 2010

GeoGebra-nytt

Som fersk digital innovatør prioriterte underteikna å delta på den første nordiske GeoGebra-konferansen: Nordic GeoGebra 2010



Høgdepunktet var at grunnleggjaren sjølv, Markus Hohenwarter (bilete), var til stades. Vi fekk historia om GeoGebra frå studentarbeid til verdsomspennande pedagogisk verkty, og siste nytt på utviklingsfronten. Kjenner du ikkje GeoGebra? Sjekk ut denne introduksjonsdemonstrasjonen (engelsk).



Den neste store oppdateringen av programmet - versjon 4.0 - er rett nok eit års tid fram i tid, men den blir til gjengjeld omfattande. Då blir en fullverdig symbolreknar integrert (wxMaxima), og måten det blir gjort på virka svært lovande. Den grunnleggjande layouten på programmet blir forandra - altså like enkelt som før - og du kan opne symbolreknaren som eige vindauge. Den pedagogiske godbiten virka å være at symbolreknaren er knytt saman med grafikkvindauga. Ein kan med andre ord enkelt visualisere algebra.

Infomasjon frå Norsk GeoGebra-institutt finn du på www.geogebra.no

Bruk denne linken om du vil prøve ut betaversjonen av GeoGebra 4.0 (nedlasting startar automatisk - krev Java).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar