Elevar sit gjerne på Facebook i timen. |
Gruppesamtale ved skulestart
Eit av punkta vi tok opp ved skulestart var elevane sine nettvanar i klassrommet. Vi diskuterte nokre spørsmål: - Kor mykje bruker dei PC i skulen? - Opplever dei det som eit problem å halde seg til fagleg aktivitet? - Vert mange lokka ut på Facebook og nettaviser? Vi snakka og om korleis dei hadde lyst til å ha det i klassa. Nokre meinte det var irriterande når andre havna på Facebook under gruppearbeid, andre meinte det måtte vere greit å sjekke ut diverse medan ein venta på lærar ved individuelt arbeid. I fellesskap vart vi einige om desse to reglane: Ved gruppearbeid held ein seg til saka. Ved individuelt arbeid kan ein ta seg noko meir fridom, dersom det motiverer til meir effektivt arbeid.
Rutinar i timen
Det andre eg har sett fokus på for meg sjølv er å ha klare mål for kva tid og til kva elevane skal bruke PC. Til dømes er ein grunnregel at PCar alltid skal vere lukka ved starten av kvar undervisningsøkt. Når elevane skal bruke PC til å lese kjelder eller gjere oppgåver, får dei vite kor lang tid dei har til det. Og når arbeidsøkta er ferdig ber eg dei lukke att/stengje av PCar, før vi går over til noko anna. Korte og konkrete økter på PC er effektivt.
Sørfepremie
Framleis er elevane godt med i timane, men når ein merkar motivasjonen vert lågare utover mørkare haustdagar, har eg hatt god erfaring med å gi nokre minutt fri nettsørfing på slutten av ei undervisningsøkt, for å få opp arbeidsintensiteten.
Har du nokre erfaringar og gode tips du vil dele?
Skriv gjerne inn i kommentarfeltet.
Her er forresten eit blogginnlegg frå ein lærar som har stor bevisstheit om klasseleiing i det digitale klasserommet:
Marita Aksnes: Kaoskontroll i klasserommet
Takk for gode tips. Jeg starter alle timer med et ? - et eks. fra i dag er pfu+117/10=facebook. Elevene får da ett minutt til å finne svaret. Svaret er hentet fra nyhetsbildet om medier, her pfus møte den 31.08 om bruk av sitater fra facebook. Dermed er dagsorden satt, en kan spille av behandlingen i pfu som ligger ute på journalisten.no etc.
SvarSlettTakk for tips fra deg også. Det får til å tenke på at det hender jeg skriver forkortelser for dagens tema på tavla (f.eks FH). Så må elevene gjette hva det står for, og så ender de med å skrive et blogginnlegg om tema i slutten av timen. (FH står forresten for filmhistorie).
SvarSlett