Å skrive matematikk i Word, OneNote og PowerPoint
Eg har no laga mange prøver og løysingsforslag i både Word og PowerPoint ved å bruke Mathematics, og synest dette fungerer bra. I forhold til den gamle formeleditoren er det stor forskjell. Eg får skrive det eg vil, det ser bra ut og det går rimeleg raskt å bruke Mathematics. Compute-funksjonen har eg ikkje brukt så mykje sidan eg stort sett har min gamle Casio kalkulator for hand. Dersom ein derimot ikkje hadde tilgang på ein "ordentleg" kalkulator ville nok dette vere ein nyttig funksjon. Det er også praktisk å kunne setje grafiske framstillingar rett inn i dokumentet utan å måtte innom andre program, mellomlagre osv. Eg har ikkje prøvd å få elevane mine til å skrive matematikk i Word eller OneNote. Dei er vande med å bruke papir og blyant, også i dei andre realfaga. Eg ser derimot føre meg moglegheita for å gi elevane oppgåver, innleveringar og prøver digitalt, slik at dei kan skrive rett inn i dokumentet. Med innlevering i LMS kunne eg rette digitalt og publisere i SkuleArena.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar