fredag 28. januar 2011

Test av Hue HD Webcam

Faktaopplysningar:

Pris 40 euro + 10 euro i frakt.

Vart sendt som rekomandert sending (ingen toll).

Kjøpt på www.huehd.com

Leveringstid ca 1 veke.

Installasjon: Plug and Play (1/2 min).

Det vart stor nysgjerrigheit i heimen då eg kom heim med dette artige design-webcameraet, og eg måtte "gøyme" meg litt på kjøkkenet for å få sitje i fred med den nye duppeditten min. Kona fryktar sjølvsagt at dette er endå eit produkt som vil bli liggjande i den allerede overfylte skuffa med mp3-spelarar, mobilar, klokker med både mobil og tv-funksjon og andre meir eller mindre ubrukelege duppedittar som alle har som fellestrekk at dei er produserte i Kina og kjøpt for ein billeg penge.

Men kanskje er dette endelig noko nyttig?

Kameraet fikk mykje merksemd på BETT-messa og har fått mykje positiv omtale i utanlandske tidsskrift, og eg kjenner at det kriblar litt i kroppen når eg no koblar til usb-ledningen og det blå led-lyset tenner seg ned i nedre del av stativet.

Etter ein smertefri installasjon kan eg allerede begynne å ta bilder frå f.eks "Min datamaskin" og deretter klikke på kamera-ikonet.

Etter dette måtte eg sjølvsagt teste om det fungerte på Facebook, og det gikk utan problem. Fikk tatt nytt profilbilete og laga ein liten presentasjonsvideo. Kamereaet fungerer godt sjølv i dårleg lys og eg er godt nøgd med kvaliteten på bileta den tek av meg (men ser samtidig at eg treng ein hårklipp :-) )

Det følgjer med eigen programvare til filming og for å legge på effektar. Opplevde ein god gammal "bluescreen" ved første gangs testing av effektane, men dette var også den einaste "bug-en" eg registrerte etter 4 timars hardkøyring av produktet. I

Det er veldig greit med fokusringen framme på kamereaet til å justere biletkvaliten på skjermen, og snapshot-knappen på baksida som raskt fangar stillbilete av gjeldande situasjon.

Så måtte videosamtalefunksjonen testast ut. MSN-er einerådande her i barne-/tenåringsfamilien (Skype virkar heilt uaktuelt for mine jenter på 10 og 13 år). Hadde sjølvsagt for gammal versjon av MSN på min nyrenoverte HP NX7000 frå 2003, som eg nyttar som testmaskin av rein nysgjerrigheit. Enda opp med å laste ned ei heil rekkje gratisprodukt frå MSN (Windows Live) og vart sitjande å vente på denne installasjonen i ca 30 min. Dvs, ventetida vart sjølvsagt nytta til å skrive delar av denne artikkelen i ein god gammal versjon av WordPad, sidan Office-pakken førebels ikkje er reinstallert. Det blir den kanskje heller ikkje, sidan eg no i etterkant plutseleg ser at eg via Windows Live har fått tilgang til ein web-basert utgåve av Word. Denne må sjølvsagt testast ut, snarast råd.

Pålogging til den nye MSN gikk greit, og det tok ikkje mange sekundane før eg høyre ein god gammaldags ringetone frå pc-en min. I løpet av to minutt hadde eg hatt videosamtale med begge jentene mine. Dei klaga over at eg såg litt for lys ut i videovinduet, så då måtte jo dette sjølvsagt justerast. Dette gikk greit når eg først fant ut korleis ein gjorde det via MSN.

Neste dag tok eg kamereaet med på skulen, og testa ut korleis det kan brukast som dokumentkamera i kombinasjon med klasseroms-pc og videokanon. Tanken var å heidre ein elev som har løyst ei matteoppgåve på ein forbilledleg måte, ved å rett og slett la hd-kameraet zoome inn kladdeboka hennar. Resultatet ser du her: (trykk gjerne på biletet for å zomme opp litt)


Er strålande fornøgd med å no kunne konstatere at kameraet fungerer fint som dokumentkamera. Programvaren som eg nytta i denne samanhengen er gratis, og heiter "Debut Video Capture Software". Dette programmet oppdaga eg i går, og førsteinntrykket er svært positivt.

Hue Hd Webcam fungerer også overraskande godt til å lage korte filmklipp. Dette vil vi kanskje komme attende til ved eit seinare høve.

Konklusjon: Spring og kjøp. Her er det berre kreativiten som set begrensningar.

2 kommentarer:

  1. Her er et tre korte lego-animasjoner som jeg har laget med Ask, 4år:

    http://www.youtube.com/watch?v=uimnkh7VTDY
    http://www.youtube.com/watch?v=zeiNebxYmdY
    http://www.youtube.com/watch?v=AaxXpXDW_Is (uten lyd)

    SvarSlett
  2. Jeg ble belastet med toll.... Så da ble det et kamera til over 600,- Men er strålende fornøyd. Klare bilder.

    SvarSlett