Min digitale penn

Min digitale penn har fleire funksjonar. Pennen fungerer mot ei oppladbar baseeining som vert kopla til PC-en via USB-port. Gjennom denne eininga kan ein lett velje om pennen skal vere i penn- eller musemodus. For å bruke den digitale pennen som notatverktøy, kan ein plassere baseeininga på eit heilt vanleg papir. Dei notatane ein gjer med pennen vert dermed lagra i baseeininga. Desse kan deretter overførast til PC-en. Dersom ein er kopla til PC-en kan ein også notere direkte på PC-en. Det følgde også med programvare som konverterer handskrifta til "dataskrift" I musemodus fungerer pennen som ei vanleg mus, men med mykje betre presisjon.
Å skrive matematikk i Word, OneNote og PowerPoint med digital penn
Programvaren for konvertering av handskrift som fulgte med pennen fungerer ikkje godt med matematiske uttrykk. Tidlegare har eg skrive tekst med tastaturet, og brukt matteinndatapanelet til å skrive inn matematiske uttrykk. Med den digitale pennen vart dette mykje smidigare. Pennen er meir presis å skrive med enn den vanlege musa, og handskriftgjennkjenninga fungerer dermed betre. Slik kan ein skrive tekst enten med tastaturet, eller med den digitale pennen, og så bruke matteinndatapanelet til dei matematiske uttrykka.
Framleis syntes eg dette var
Retting med digital penn
Elevane mine skriv tradisjonelt med papir og penn. Eg lurte på om eg kunne bruke pennen til å rette prøvene digitalt. Grunnen til at eg ønskte å prøve ut dette var både i forhold til dokumentasjon, og for å la elevane vere meir delaktige i retting og vurdering av eige arbeid. Løysinga mi vart å scanne inn besvarelsane med kopimaskin. Dokumenta vert då sendt i PDF-format til e-posten min. Eg rettar så PDF-filene digitalt, og legg desse ut på SkuleArena. Utan å ha publisert mine digitale vurderingar, gir eg elevane prøvene tilbake i neste matematikktime. Sidan eg ikkje behøver å ha retta ferdig før eg gir dei prøvene tilbake kan vi få ein rask gjennomgang medan elevane framleis har oppgåvene friskt i minne. Elevane veit ikkje kva dei har gjort rett og kva dei har gjort feil under gjennomgangen, så då er konsentrasjonen på topp. Dei samanliknar og diskuterer oppgåver, og rettar sine eigne prøver. Eg publiserer mine vurderingar etter gjennomgangen, og til slutt samanliknar kvar enkelt sine vurderingar i forhold til mine vurderingar.
Er digital penn eit nyttig verktøy for ein lærar?
Eg har prøvd ut nokre bruksområde i forhold til matematikk. Ja, på mange måtar syntes eg pennen fungerer bra. For å skrive matematikk digitalt er det lågare terskel for å bruke ein slik penn i forhold til å skulle skrive i MathType eller LaTeX. No har også både Word og PowerPoint fått ein formeleditor som eg synest fungerer bra, men pennen har eit litt anna bruksområde - og ein del andre funksjonar som absolutt kan vere nyttige.