Kva er studentresponssystem?
Her finst mange ulike løysingar. Microsoft har ein PowerPoint plug-in, Mouse Mischief, som enkelt kan lastast ned gratis frå nettet. Her treng kvar elev ei mus, som vert kopla opp mot læraren sin PC. Med musa får då eleven tilgang til læraren sin PowerPoint presentasjon.

Eit tredje alternativ er programvare der elevane kan bruke PC eller mobiltelefonar som responsbrikker, og bruke desse til å velje svaralternativ. Sjå t.d. Turning Technologies eller eInstruction for å lese meir om ulike løysingar.
Felles for alle systema er at elevane sine svar vert integrert i læraren sin presentasjon, og framstilt grafisk i diagram. Ein kan leggje til nedtellingsanimasjonar eller teljarar slik at ein ser kor lang tid elevane har på å svare, og kor mange som har svart. Etterpå kan datamaterialet lagrast.
Studentresponssystem i vidaregåande skule?
Har denne teknologien noko å tilføye norske klasserom? Eg ser føre med slike system brukt på tre måtar:
I enklaste form tenkjer eg slike system som ein måte å halde elevane si oppmerksamheit under ein gjennomgang av eit tema. Elevane vert delaktige i presentasjonen, og ein kan stille kontrollspørsmål som gir elevane ein grunn til å følgje med.

Det kan også vere interessant å stille elevane spørsmål om kva dei meiner om ulike tema. Mange kompetansemål går på at elevane skal kunne diskutere ulike tema. Ofte ser ein då at nokre elevar er svært aktive, medan mange er tause og melder seg ut av debatten. Ved å bruke responssystem kan ein få fleire av elevane "i tale", samtidig som dei resultata ein får i avstemminga vil kunne vere eit godt utgangspunkt for vidare diskusjonar.
Korleis dette f
Hei, kva system har du nytta og var bruken vellukka?
SvarSlettHei. Eg prøvde eit system frå TurningPoint med IR-responsbrikker. Presentasjonane var greie å lage, men fekk problem med at PowerPoint slutta å fungere under presentasjonen. Må prøve litt meir å sjå om det framleis er eit problem, og kva det ev. kan skuldast.
SvarSlettHei igjen, noko nytt om responssystemet?
SvarSlett