onsdag 12. oktober 2011

Ipad #4 Vil du vite meir om bruk av Ipad i skulen?

Nokre av dei innlegga som har fått flest treff i her Digitale innovatørar magasinet, er innlegg som omtalar nettbrett og Ipad. Det er tydeleg ei stor interesse for kva potensialet teknologien har i skulen. Ei erfaring med innføring av Ipad i klasserommet som eg finn særleg interessant, er at det er i undervisningsmetodane, i kulturen for læring og i dei fundamentale strukturane i skulen, ein møter dei største utfordringane. Det kan du lese meir om i rapporten etter Framsikt sitt Ipad-prosjekt.  Du kan til dømes starte med å leite fram konklusjonane.

Andre stader kan du finne løpande diskusjonar og tips. Her er ei Facebook-gruppe om Ipad i skulen:
http://www.facebook.com/home.php?sk=group_117495818336111
Og her er ei gruppe på Del og bruk:
http://delogbruk.ning.com/group/ipad


Andre nettstader med jamnlege oppdateringar på kva som skjer på området er:
Ipad i skolen:
http://jangamre.wordpress.com/
RIKT hjemmeside:
http://rikt.net/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar