"Det komplette nettbrettet”
er arbeidstittelen for prosjektet. Målsettinga er å gje eit digital løft for
skulen, i første omgang for dei to skulane som samarbeider om prosjektet, og i
neste omgang for fleire skular og klassar.
Dei «Digitale Innovatørane» Tor Egil Furevikstrand (Dale vgs) og Terje Torsheim (Hafstad vgs) er begge E-pedagogar, og har samarbeidd om prosjektet sidan februar i år. Onsdag 9. mai presenterer dei det nasjonalt i Trondheim. Det skjer på NKUL, ein nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring.

-Både internasjonale, nasjonale
og lokale samarbeidspartnarar er med, og det er heilt avgjerande for å kunne
realisere prosjektet økonomisk. Eg er kjempeglad for at vi får dette til, seier
Tor Egil.
Sentralt i prosjektet er siste utgåve
av nettbrett frå Samsung, supplert med det nyaste av programvare frå Microsoft
og med tilpassa digitale læremiddel frå dei største lærebokforlaga, Gyldendal og
Aschehoug. NDLA, som er eigd av fylkeskommunane, er også med. I tillegg til dei
internasjonale og nasjonale samarbeidspartnarane kjem også samarbeid med lokalt
næringsliv, mellom anna Sunnfjord Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og
Enivest. Så her er det mange som dreg lasset i lag.
Rektor Gro Fivelsdal ved Dale vgs ser
fram til at skulen får eit digitalt løft med mykje nytt utstyr, tilpassa
læremiddel og god læring på ein moderne måte.
-Det blir ein av
førsteklassane våre på studiespesialisering som får vere med i prosjektet
kommande skuleår, saman med lærarane i klassen. Det er utruleg spennande at ein
liten skule som vår kan vere med på noko så nyskapande som dette, seier ho.
Også rektor ved Hafstad vgs, Grethe Øren, har store forventningar til prosjektet.
-Dersom erfaringane viser at bruk av eit avansert nettbrett fører til meir læring for elevane, må ein vurdere i kva grad det er muleg å satse endå meir på slike nettbrett i framtida.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sentralt er sjølvsagt også med. Rådgjevar Sture Førre er Opplæringsavdelinga sin mann i prosjektet.

Samarbeidspartane vil i praksis vise
at dei tek samfunnsrolla på alvor og er samde om at det er svært viktig å
investere i ungdom ved å gje dei best mogeleg opplæring.
Prosjektleiarane har laga
eigen blogg der du kan finne meir informasjon: http://detkomplettenettbrett.wordpress.com/
På bloggen kan du også høyre Terje og Tor Egil bli intervjua på NRK1 Sogn og Fjordane om prosjektet.
Stor takk til Rune Dale for dette innlegget.
På bloggen kan du også høyre Terje og Tor Egil bli intervjua på NRK1 Sogn og Fjordane om prosjektet.
Stor takk til Rune Dale for dette innlegget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar