torsdag 14. juni 2012

Nokre inntrykk frå NKUL 2012

Som vanleg var NKUL 2012 eit mangfald av presentasjonar, utstillarar og dingsar. Etter tre dagar i Trondheim sit ein følgjeleg att med mange inntrykk og idear. Eg vil her presentere noko av det eg opplevde i Trondheim.

Tor Egil Furevikstrand og Terje Torsheim presenterte eit nytt og spennande prosjekt i Sogn og Fjordane: "Det komplette nettbrettet". Dette går ut på å nytte nettbrettet Samsung Slate 7 i undervisninga. Ein viktig skilnad med dette nettbrettet, i forhold til andre nettbrett som har vore prøvd før, er at ein her kan nytte Microsoft sin programvare - og både Microsoft og Samsung støttar prosjektet. Prosjektet har ein eigen blogg der ein kan følgje med på utviklinga. Anbefalast!


NRK Skole viste korleis ein kan finne videoar til bruk i undervisninga. For faga naturfag, norsk, samfunnsfag og religion/RLE er videoklippa ordna etter kompetansemål.

Av Microsoft fekk vi sett korleis ein kan nytte formeleditoren i Word og OneNote til å skrive matematiske uttrykk og formar. Kombinert med kalkulatoren Microsoft Mathematics 4.0 og WordMat kan elevane skrive, teikne grafar i både 2D og 3D, løyse likningar, ulikskapar og algebraiske uttrykk rett i Word eller OneNote. Andregradsfunksjonen til høgre er både teikna, derivert og integrert direkte i Word.


Bruk av videosnuttar i matematikkundervisninga var eit tema for fleire sesjonar. Gulleplevinnaren Roger Markussen presenterte sine erfaringar med omvendt undervisning. Kort sagt går dette ut på at han lagar videoar der han går gjennom nytt stoff i matematikk, og så gir han elevane i lekse å studere videoane. På den måten kan han nytte tida i klasserommet til oppgåveløysing, og til å samtale med elevane. Les meir om Roger Markussen og omvendt undervisning her.

NDLA og Kahn Academy vil samarbeide om å gjere videoane frå Kahn Academy lettare tilgjengelege for norske elevar og lærarar. Og her er ei anna side der ein kan finne videoar i matematikk. Desse er utvikla av ein frivillig organisasjon UDL (Utviklere av Digitale Læremidler), og er på norsk.

Wilhelm Egeland demonstrerte døme på korleis ein kan nytte digitale ressursar for å få ein god studieteknikk. Mellom anna kan ein nytte mobiltelefonen til å ta bilete, film eller som lydopptakar. Digitale tankekart kan lagast enkelt og gratis på nett: https://bubbl.us/. Tankekartet under er eit døme på korleis eit slikt tankekart kan sjå ut. Det er enkelt å redigere tekst, endre fargar og endre plassering på "boblene"




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar