torsdag 22. mars 2012

Ein skikkeleg smart penn



Eg kom over ei side som presenterte SMARTPENN, og eg såg fort at dette kunne vere eit nyttig verktøy for meg i undervisninga mi.

Dette er verkeleg ein smart penn. Den kan ta opptak av alt du seier eller høyrer, i tillegg lagrar den alt du skriv og teiknar slik at du lett kan finne det igjen. Det er veldig lett å overføre notatane og opptaka dine til ein PC. Det er også svært enkelt å ta dele opptaka og notatane dine med andre via Evernote, Google Doc, iPad, Facebook, One Note og PDF.

Eg brukar den saman med elevar som treng tilrettelagt undervisning. Det er ein motivasjonsfaktor når me har lesing. Elevane les høgt og kan høyre sitt eige opptak etterpå. Me brukar den til frie samtalar og på andre område der me vil dokumentere kva me går gjennom.

Eg har brukt den på store forelesingar, eg tek notatar og pennen tek opptak av det som blir sagt – dermed får eg med meg ALT som skjer :-) Det er sjølvsagt viktig å få godkjenning av foredragshaldar først.

Pennen er rett og slett super til å forklare elevane t.d matematikk. Lærar kan trinn for trinn skrive og forklare korleis ein reknar ut ei andregradslikning. Dette kan leggast ut på Facebook eller Fronter og elevane kan høyre og sjå det om og om igjen til dei forstår framgangsmåten.

Ein kan også leike seg litt med pennen. Du kan spele piano med ulike rytmar til eller laste med ordbøker slik at pennen hjelper deg med spanske eller tyske ord som du ikkje hugsar. Som sagt – dette er verkeleg ein smart penn


Helsing Vibeke Rinde

1 kommentar:

  1. Flott artikkel Vibeke. Eg veit at det no i år er fleire skular her i fylket som testar ut pennen. På Flora vgs vert den brukt mykje. Pennen er også til uttesting både ved Dale og Hafstad vgs. Hadde vore veldig kjekt om nokon frå Flora vgs ville dele sine erfaringar med bruken av pennen, her på denne bloggen. Kva seier de ute i Florø, er de klar til eit lite innlegg?

    SvarSlett