Etter lanseringa av Windows 8 i førre månad dukkar det fortløpande opp nye dingsar. Alt frå tradisjonelle bærbare, hybridar, brett og alt-i-eitt pc-ar. I desse dagar er det altså spennade å vere glad i dingsar.
Microsoft har samla ein del spennande modellar på ei felles nettside.
Sjølv synst eg ATIV-serien til Samsung er spennande. Det er ein hybrid som kjem med digital penn. Du får han i to variantar; ein RT-versjon og ein Pro-versjon. Pro-versjonen køyrer Intel-prosessor, og på denne modellen vil alle dine gamle Windows-program fungere. Det er ein fordel i skulesamanheng, og difor er nok Pro-versjonar meir fleksible enn RT-versjonar førebels.
Eg synst òg at Lenovo IdeaPad Yoga er eit spennande produkt. Den lever opp til namnet sitt og kan brukast i fire ulike posisjonar. Yoga-en kjem i to utgåver: ein 11'' tommar med RT-prosessor og ein 13'' i Pro-utgåve.
Du kan lese meir om Lenovo sine touch-produkt her.
Dingsane i seg sjølv vil jo neppe føre til meir læring i skulen, men det er spennande å sjå kva den nye touch-teknikken kan føre med seg. Det er jo neppe ein dristig påstand å seie at framtidige pc-ar vil i hovudsak verte lanserte med touch-skjerm. Ein del pc-ar vil heilt sikkert òg ha digital penn - og det er spennande i skulesamanheng. Dermed får skule-Noreg "tablets" til prisar vi før kunne drøyme om.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar