fredag 27. mai 2011

Facebook-gruppe i Politikk


Innlegg ved gjesteskribent og lærar Linda Røysi, Sogndal VGS:

Etter å ha sett lektor i norsk Liv Marie Skau bruke Facebook i nynorskundervisninga si (sjå TV-innslag her) vart eg inspirert til å prøve å nytte FB med elevane mine i 3 klasse i politikk og menneskerettar no dei siste månadane av skuleåret. Eg oppretta sida med ein plan om å nå elevane der dei er samt for å teste ut om det kunne nyttast som eit læringsverktøy.

Erfaringa mi er at eg når elevane umiddelbart. Me har Fronter som læringsplattform på skulen og då elevane ikkje er innarbeidde med å sjekke læringsplattformen jevnleg så opplever eg ofte at beskjedar som er sende ikkje når elevane. Då alternativet ved vår skule er skule-sms så vart dette noko kostbart i lengda. Til beskjedar og anna informasjon har FB fungert svært godt.

Ei anna erfaring eg har gjort meg er at eg kan legge ut lenker til artiklar, TV program og anna som er relevant. Eg har ikkje forsøkt å gi dette i lekse og be om kommentarar då me kom så seint igang med dette men det er naturleg å forsøke seg på etterkvart. Vidare har og elevar sjølve lagt ut lenker til artiklar og stoff som passar til det me har jobba med i timane. Andre elevar har igjen kommentert på dette. Eg trur nok at her ligg eit potensiale i at elevane kan verta meir aktive med kommentarar og skape fagleg debatt rundt ulike tema som det vert jobba med gjennom året. Målsetjinga mi på sikt er iallefall å skape eit forum for debatt om dagsaktuelle hendingar. Når det gjeld denne formen for kommunikasjon opplever eg og at elevane vert møtt på heimebane og at dei likar det.

Eg er ikkje i tvil om at eg vil halda fram med å nytte FB med denne gruppa, men eg innser og at dette ikkje vil eigne seg i alle grupper. For ei slik enkeltgruppe så har det forenkla min kommunikasjonskvardag med elevane utan tvil!

Lenke til sida til 3POM
http://www.facebook.com/home.php?sk=group_162152727175888&ap=1
(Gruppa er hemleg. Dersom du vil sjå inn i gruppa, be om å få bli med).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar