tirsdag 21. juni 2011

Kva er det beste nettbrettet?

Gjennom heile skuleåret har eg vore på jakt etter eit godt nettbrett. Ipad har jo vore det desidert mest selde brettet og Samsung Galaxy Tab er vel det einaste brettet som har vore i nærleiken av å kunne bli kalla for ein konkurrent. Sidan nyttår har eg venta på eit brett frå Asus som hadde Windows 7 som operativsystem (OS). Dette trudde eg ville vere det idéelle med tanke på å bruke brettet i ein undervisningssituasjon.

Etter mykje lesing av testar og leiting på nettet har eg enda opp med to interessante artiklar som eg har lyst å dele. Den første er ein artikkel som er forfatta av min gamle studiekompis Bjørn Erik Loftås, som no er redaktør for nettmagasinet "DinSide.no/data". Bjørn tek her føre seg at nettbretta kan vere eit forbigåande fenomen, og at vi i framtida heller vil nytte mobiltelefonen til dei same arbeidsoppgåvene som bretta no blir brukte til.

Les artikkelen til Bjørn her

Den andre artikkelen eg vil at de skal lese presenterer ei oppdatert vurdering av dei nyaste nettbretta som er i handelen no. Artikkelen heiter rett og slett "nettbrettsommeren"

Artikkelen om "nettbrettsommeren" tar føre seg at Windows 7 høver dårleg til nettbrett, og dette trur eg er rett. I 2,5 år har eg no hatt ein berbar pc med trykkskjerm, rett nok med Vista som OS, men trykkskjermfunksjonaliteten har vore svært lite nytta. Kanskje fordi den vart for "kronglete" og upraktisk.

Etter mykje tenking, leiting, vurdering og grubling har vi no endelig gått til innkjøp av nettbrett. Det vart ikkje Asusbrettet med Windows 7 (dette brettet vert kanskje ikkje lansert i Norge). Valet stod då mellom Ipad2 og eit brett med Android som OS. Fordelen med Ipad- og Androidbrett er rask oppstart/respons, suveren batterikapasitet og kanskje aller viktigast; Apps. Både Ipad og Android tillet oss å laste ned mange gratis eller rimelige Apps (tilleggsprogram), og utvalet er stort og stadig veksande.

Eg vågar nesten ikkje skrive dette, men valet vart så vanskeleg at eg enda opp med å bestille to brett. Det første brettet eg tinga vart ein Ipad2 og det andre vart nyaste versjon av Samsung Galaxy Tab 10.1. Så snart vi har mottatt bretta, vil eg saman med ein kollega ved Hafstad vgs gå i gang med å teste dei ut, og vi vil skrive litt om erfaringane våre til hausten. Dersom andre lærarar i regionen har lyst til å låne bretta til utprøving, er dette sjølvsagt mogeleg.

Ha ein fin nettbrettsommar :-)

1 kommentar:

  1. Bra jobba Terje ! Du gjer ein god jobb for digital innovasjon. Eg har tenkt å gå til innkjøp av eit slikt brett, og det "hallar" mot Apple og iPad. Har ei formeining om at dei kanskje har dei beste apps'a ..

    SvarSlett