torsdag 21. oktober 2010

E-pedagogen sitt ”Digitale forum”

Vi har starta eit nytt prosjekt her på skulen. Som e-pedagog har eg sakna eit møtepunkt med lærarane for å informere om, inspirere til og diskutere pedagogisk bruk av IKT. No har vi fått avsett ein del ledige møtetimar til det eg har kalla ”digitalt forum”. Her møtes dei lærarane som er interessert i å utvikle sin eigen IKT-bruk, og i å vere med i diskusjonar av aktuelle problemstillingar.

I startfasen
Det første digitale forumet var på tysdag. Ein del av tida brukte eg til å tipse om nokre ressursar som er aktuelle på tvers av fag og seksjonar. Vi diskuterte korleis vi kan utnytte samskrivingsverktøy i samband med til dømes gruppearbeid, rapportskriving og manusskriving i dramafag. Det var ikkje så mange av lærarane som kjende til d&b, så vi såg litt på ulike grupper her. Ein snartur innom TimeRime og Kart i skolen vart det også tid til.


Fagspesifikke digitale ressursar
Sidan det digitale forumet ennå er i startfasen, lufta vi idear og ønskjer for innhaldet i framtidige forum. Det viste seg at det var ønskje om tips til fagspesifikke digitale ressursar, og det var interesse for minikurs i ulike tema. Eg tenkjer også å be lærarar, som eg veit har hatt gode undervisningsopplegg der dei har brukt digitale læringsressursar, om å presentere desse for kollegaane. Vidare håper eg vi kan ta diskusjonar innan tema som t.d. klasseleiing og PC-ar og bruk av digitale læremiddel.

Uformell møtestad
Eg opplever at det er stor interesse i kollegiet for ressursar som kan gi ei betre og meir variert undervisning. Eit digitalt forum vert ein uformell møtestad der ein kan få input utan å reise på konferansar og kurs. Når vi møtes på tvers av seksjonane på denne måten får vi samtidig innspel frå ein anna synsvinkel enn vår eigen. Eg håper interessa i kollegiet held seg oppe, og at vi kan utvikle forumet til å bli eit positivt innslag for IKT-bruken på skulen.

mandag 4. oktober 2010

Bingo-dag på personalrommet

Gøy PC-jamming på personalrommet ved Sogndal VGS
Fredag 1. oktober var Bingo-dag på personalrommet på Sogndal VGS. Vi satt og hadde en pause. Noen snakket litt om epler (det er tid for det i Sogn for tiden), andre snakket om IKT-kurset de hadde vært på et par dager tidligere.

Småprat frem og tilbake. 
Da plutselig en begynte å snakke om OneNote. Et notatverktøy som følger Microsoft Office pakken. Én nevnte at dette måtte være supert for elevene. En annen lærer spurte om hva OneNote hva for noe.

PC'en ble hentet, og vi flyttet oss til hjørnet av personalrommet der trådløst nett er tilgjengelig, og utvekslingen var i gang. Vi drodlet om løst og fast, og konkluderte til slutt med å prøve å få til en innføring i OneNote med Lidvar Berge, en av de andre digitale innovatørene her i Sogn & Fjordane, som har bestemt seg for å gå i dybden på Microsoft Office pakken. Ledelsen vil bli spurt om et par timer på elevenes innsamlingdag (Eshowe) til dette.

Trolig vil det være naturlig også å nevne alternative verktøy som OneNote i Skydrive (med samarbeidsfunksjon), Evernote og Scrapbook. Har du andre forslag?

Fin dag for en digital innovatør! Et skritt frem. Yay!

tirsdag 28. september 2010

Bestillingsskjema for økt digital kompetanse

Da er impulskonfersansen vel overstått. Mer om den kan du lese fra fylkeskommunen sine nettsider: Her om åpninga, og her er en artikkel om lærer og elver ved Måløy vgs, og erfaringen de har gjort seg med å bruke wiki i faget kommunikasjon og kultur.

Epedagoger og digitale innovatører i fylket hadde også en fruktbar sesjon, vi diskuterte utfordringer, rolleforventinger og støttebehov. Vi var så heldige at digitale innovatører fra Telemark, Rune Mathiesen og fra Akershus, Ingunn Kjøl Wiik, bidro med noen nyttige innspill sånn på sparket, og Vibeke Rinde presenterte uttestingen av "Bestillingsskjema for digital kompetanseheving".



Og her er bestillingsskjema (regnearket) Vibeke Rinde fra Årdal VGS testet ut for oss og presenterte.

Ønsker du å bruke skjema til arbeidet ditt, kan du fil/lage en kopi (den legger seg i Google docs oversiktssiden), 'gå til aktivt skjema' (se meny for 'skjema'), og 'rediger skjema' dersom du ønsker å endre innholdet.

Gå gjerne inn i delingsinnstillinger og slett andre brukere av filen!

Ukjent med Google docs? Gå til denne lenken.

tirsdag 21. september 2010

EU-seminar om opplæring av Google-generasjonen

Hand, hjarte og hovudet er stikkord som kan oppsummere Johann Heinrich Pestalozzi sine pedagogiske idear. Han levde på slutten av 1700-talet, og er ein tidleg pedagog som arbeidde for ei humanistisk tilnærming til læring. EU programmet for lærarar og lærarutdannarar har fått namnet Pestalozzi,  og i forrige veke gjekk det ein workshop av stabelen i Bergen med tittelen: "Promoting information literacy in European classrooms - teaching the Google-generation – challenges for teachers and teacher educator". 
Seminaret var mangfaldig og tok for seg moglegheiter og utfordringar vi står ovanfor i det 21. århundre som lærarar.
  
Omlag 50 deltakarar frå 19 europeiske land var samla på 
workshop i Bergen i tre dagar.
Film deg sjølv
Jack Whitehead snakka om korleis lærarar kan betre sin praksis gjennom å filme seg sjølv i situasjoner med elevar, og leggje filmsnuttar ut på nett. Han meinte mange lærarar ikkje veit kor gode dei er saman med elever, og at dette gode handlar om at lærarar har med seg hjarta i jobben. Kamera kan fange og vise slike hendingar. Det er ferdigheiter det er vanskeleg å  setje ord på.

Informasjon- og nettverkskomptanse
Alexandra Papazouglo, sjefsskolebibliotekar frå Aten, fortalde korleis bibliotekpersonalet bidreg til heving av informasjonskompetansen til elevane. Gjennom prosjekt får dei øving i kjeldesøk, kjeldebruk og kildereferanse. For kvart trinn får elevane vanskeligare prosjektoppgåver å løyse, og for kvart år får dei betre informasjonskompetanse. Underteikna og Trygve Tollefsen frå Høgskulen i Bergen introduserte nettverksamfunnet, utfordringar knytt til digitale skiller mellom lærar og elev, og blogg-verktøy som eit innblikk i korleis sosiale media kan brukast i opplæringa.

Nokre turistmål i Bergen vart besøkt i sol og i regn.
Eit miljøperspektiv
Vi fekk og litt å tenke på då Paul Clarke introduserte eit miljøperspektiv på opplæringa. Nokre av utfordringane dagens born og unge vil møte som vaksne vil ha å gjere med klimaendringar. Korleis gjev vi den veksande generasjonen erfaringar som gjer dei i stand til å løyse problem vi ikkje har erfaringar med sjølv? Korleis skal vi forme den globale bevisstheita om til eit globalt ansvar?


Seminaret var svært bra. Utviklinga av informasjonssamfunnet låg til grunn for programmet, og utfordringar knytt til lærarrolla vart sett lys på frå relevante sider som traff både hjarta, handa og hovudet.

"The role of the educator is to teach children, not subjects."


Tusen takk for invitasjonen til seminaret, Helge Skurtveit, Fylkesbiblioteket i Hordaland, og Kari Flornes, høgskulen i Bergen og for anbefaling frå Jill Walker Retteberg.

Kjelden til bildene.



onsdag 1. september 2010

Klasseleiing i det digitale klasserommet

Elevar sit gjerne på Facebook i timen.
I september månad har vi bestemt oss for å sette fokus på klasseleiing. Det er gjerne nokre enkle triks og teknikkar som skal til for unngå dei største problema. Eg skal ikkje kome med ei smørbrødliste her, men fortelje litt om korleis eg møtte den nye medieklassa i år.

Gruppesamtale ved skulestart
Eit av punkta vi tok opp ved skulestart var elevane sine nettvanar i klassrommet. Vi diskuterte nokre spørsmål: - Kor mykje bruker dei PC i skulen? - Opplever dei det som eit problem å halde seg til fagleg aktivitet? - Vert mange lokka ut på Facebook og nettaviser? Vi snakka og om korleis dei hadde lyst til å ha det i klassa. Nokre meinte det var irriterande når andre havna på Facebook under gruppearbeid, andre meinte det måtte vere greit å sjekke ut diverse medan ein venta på lærar ved individuelt arbeid. I fellesskap vart vi einige om desse to reglane: Ved gruppearbeid held ein seg til saka. Ved individuelt arbeid kan ein ta seg noko meir fridom, dersom det motiverer til meir effektivt arbeid.

Rutinar i timen
Det andre eg har sett fokus på for meg sjølv er å ha klare mål for kva tid og til kva elevane skal bruke PC. Til dømes er ein grunnregel at PCar alltid skal vere lukka ved starten av kvar undervisningsøkt. Når elevane skal bruke PC til å lese kjelder eller gjere oppgåver, får dei vite kor lang tid dei har til det. Og når arbeidsøkta er ferdig ber eg dei lukke att/stengje av PCar, før vi går over til noko anna. Korte og konkrete økter på PC er effektivt.

Sørfepremie
Framleis er elevane godt med i timane, men når ein merkar motivasjonen vert lågare utover mørkare haustdagar, har eg hatt god erfaring med å gi nokre minutt fri nettsørfing på slutten av ei undervisningsøkt, for å få opp arbeidsintensiteten.

Har du nokre erfaringar og gode tips du vil dele?
Skriv gjerne inn i kommentarfeltet.

Her er forresten eit blogginnlegg frå ein lærar som har stor bevisstheit om klasseleiing i det digitale klasserommet:

Marita Aksnes: Kaoskontroll i klasserommet

torsdag 26. august 2010

GeoGebra-nytt

Som fersk digital innovatør prioriterte underteikna å delta på den første nordiske GeoGebra-konferansen: Nordic GeoGebra 2010



Høgdepunktet var at grunnleggjaren sjølv, Markus Hohenwarter (bilete), var til stades. Vi fekk historia om GeoGebra frå studentarbeid til verdsomspennande pedagogisk verkty, og siste nytt på utviklingsfronten. Kjenner du ikkje GeoGebra? Sjekk ut denne introduksjonsdemonstrasjonen (engelsk).



Den neste store oppdateringen av programmet - versjon 4.0 - er rett nok eit års tid fram i tid, men den blir til gjengjeld omfattande. Då blir en fullverdig symbolreknar integrert (wxMaxima), og måten det blir gjort på virka svært lovande. Den grunnleggjande layouten på programmet blir forandra - altså like enkelt som før - og du kan opne symbolreknaren som eige vindauge. Den pedagogiske godbiten virka å være at symbolreknaren er knytt saman med grafikkvindauga. Ein kan med andre ord enkelt visualisere algebra.

Infomasjon frå Norsk GeoGebra-institutt finn du på www.geogebra.no

Bruk denne linken om du vil prøve ut betaversjonen av GeoGebra 4.0 (nedlasting startar automatisk - krev Java).

mandag 16. august 2010

Oppstart

Da er vi i gang. Forrige uke var vi tre digitale innovatørar samla for å leggje eit løp for arbeidet vårt framover.

Første punkt vil vere å snakke med e-pedagogane i fylket, og kanskje ikkje berre finne ut kvar skoen trykkar, men kva sko dei har og kva sko dei ynskjer. Vi tek kontakt med e-pedagogane i kvar vår region, samlar trådar og inviterer til sosial samling i høve impuls-konferansen på Eid vidaregåande skule, 23. og 24. september.

Impuls-konferansen, i regi av fylkeskommunen, er i kjømda. Samanlikna med i fjor, vert det ein noko meir lokal profil. Vi har snakka med kollegar og lærarar vi veit har kasta seg ut i IKT-verda her i fylket, og bedt dei fortelje om erfaringane sine. Nokre sesjonar vil jamvel gje høve til noko eigentrening.

Det neste vi tenkjer å gjere er å samle erfaringer på nett og få fram dei gode døma på pedagogisk bruk av IKT. Til det brukar vi diigo, som er ei teneste for sosiale bokmerkesamlingar. Om nokre veker presenterer vi starten på samlinga.

Vi samlar og deler erfaringar og tankar gjennom året på denne nettsida. Ut september skal vi ha særleg fokus på 'Klasseleing i det digitale klasserommet'.

Kari Elisabeth Aasebø, Lidvar Berge og Albertine Aaberge