søndag 11. november 2012

250 000 gratis bøker - Bokhylla.no

Denne teksten er henta frå uriks.no. "Nasjonalbiblioteket startet for seks år siden en systematisk digitalisering av alle sine samlinger som et ledd i arbeidet med å bevare dem for fremtiden. Det er også et mål å gjøre så mye som mulig av kulturarven fritt tilgjengelig på nett. Bokhylla er en viktig del av dette arbeidet.
Bøkene i Bokhylla.no er gratis tilgjengelig for å leses på nett av alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikke lenger er opphavsrettslig beskyttet kan også lastes ned og skrives ut. Forfattere, andre opphavsmenn og forlag blir betalt gjennom den kollektive avtalen som nå er inngått mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor.
Så langt man kjenner til er Norge er det første landet i verden som har fått til en slik tjeneste."
Heretter vert det kanskje enklare å "kjøpe" inn klassesett av litteratur som skal lesast? Ta turen innom bokhylla.no. 

mandag 5. november 2012

Win8-produkt kjem for fullt

Etter lanseringa av Windows 8 i førre månad dukkar det fortløpande opp nye dingsar. Alt frå tradisjonelle bærbare, hybridar, brett og alt-i-eitt pc-ar. I desse dagar er det altså spennade å vere glad i dingsar.

Microsoft har samla ein del spennande modellar på ei felles nettside.

Sjølv synst eg ATIV-serien til Samsung er spennande. Det er ein hybrid som kjem med digital penn. Du får han i to variantar; ein RT-versjon og ein Pro-versjon. Pro-versjonen køyrer Intel-prosessor, og på denne modellen vil alle dine gamle Windows-program fungere. Det er ein fordel i skulesamanheng, og difor er nok Pro-versjonar meir fleksible enn RT-versjonar førebels.

Eg synst òg at Lenovo IdeaPad Yoga er eit spennande produkt. Den lever opp til namnet sitt og kan brukast i fire ulike posisjonar. Yoga-en kjem i to utgåver: ein 11'' tommar med RT-prosessor og ein 13'' i Pro-utgåve.

Du kan lese meir om Lenovo sine touch-produkt her.

Dingsane i seg sjølv vil jo neppe føre til meir læring i skulen, men det er spennande å sjå kva den nye touch-teknikken kan føre med seg. Det er jo neppe ein dristig påstand å seie at framtidige pc-ar vil i hovudsak verte lanserte med touch-skjerm. Ein del pc-ar vil heilt sikkert òg ha digital penn - og det er spennande i skulesamanheng. Dermed får skule-Noreg "tablets" til prisar vi før kunne drøyme om.

Spennande Smart School

Samsung har starta skulesatsinga si, og tidlegare i år lanserte det koreanske selskapet eit nytt, moderne klasserom. Dei kallar konseptet for Smart School. Her er tavla erstatta med ein flatskjerm, og i kvar pult er det montert ein Galaxy Note 10.1.

Og det ser smart ut; i alle fall viss du er lærar eller elev i grunnskulen. Nokon av det beste med prosjektet er det fokuset som Samsung har på pennen. Elevane har kvar sin digitale penn, og det gjer det enkelt og praktisk å manøvrere på brettet. Lærarane har frå kateteret full oversikt over alle bretta til elevane, og han kan hente opp eit skjermbilete frå ein elev og syne dei andre elvane det på den store flatskjermen. Det gjev pedaogiske vinstar som kontroll, men det vert òg enklare å syne fram gode elevprodukt.

I tillegg fungerer Smart School som eit lite LMS. Lærarane kan på førehand leggje inn innhald i øktene og elevane må klikke seg inn i rett økt på brettet sitt. Dermed får ein distriubuert fagstoffet på same tid som ein tek fråvær. Det er truleg ein god oppstart til ein time.

Les meir om Smart School her.



Brettboka i ny utgåve

Brettboka er ein app som formidlar lærebøker frå forlaga. Førebels er han berre tilgjengeleg til iPad, men utviklarane lovar at han snart skal vere klar for Android og Windows 8.

Det nye grensesnittet til appen gjer det enkelt å gjere annoteringar undervegs. Du kan blant anna streke under, notere og gule ut. Desse endringane vert lagra automatisk.

Det verkar som forlaga - i fråvær av ein nasjonal portal - brukar Brettboka. Difor er det viktig at Brettboka vert tilgjengeleg på alle plattformar til skulestart.

Du kan lese meir om Brettboka her: http://www.brettboka.no/



 

mandag 18. juni 2012

30 000 kunstverk

På vg.no kan vi lese at Munch-museet blir ein del av Google Art Project (GAP), ei plattform der sentrale museum over heile verda gjer kunsten sin tilgjengeleg ved hjelp av Googles teknologi.
Bileta blir gjengjevne i form av fotografi med høg oppløysing. Tilgangen til bileta er gratis.
GAP vart etablert i fjor og inneheld over 30 000 kunstverk fra 151 utstillingsstadar og 40 land verda over

torsdag 14. juni 2012

Nokre inntrykk frå NKUL 2012

Som vanleg var NKUL 2012 eit mangfald av presentasjonar, utstillarar og dingsar. Etter tre dagar i Trondheim sit ein følgjeleg att med mange inntrykk og idear. Eg vil her presentere noko av det eg opplevde i Trondheim.

Tor Egil Furevikstrand og Terje Torsheim presenterte eit nytt og spennande prosjekt i Sogn og Fjordane: "Det komplette nettbrettet". Dette går ut på å nytte nettbrettet Samsung Slate 7 i undervisninga. Ein viktig skilnad med dette nettbrettet, i forhold til andre nettbrett som har vore prøvd før, er at ein her kan nytte Microsoft sin programvare - og både Microsoft og Samsung støttar prosjektet. Prosjektet har ein eigen blogg der ein kan følgje med på utviklinga. Anbefalast!


NRK Skole viste korleis ein kan finne videoar til bruk i undervisninga. For faga naturfag, norsk, samfunnsfag og religion/RLE er videoklippa ordna etter kompetansemål.

Av Microsoft fekk vi sett korleis ein kan nytte formeleditoren i Word og OneNote til å skrive matematiske uttrykk og formar. Kombinert med kalkulatoren Microsoft Mathematics 4.0 og WordMat kan elevane skrive, teikne grafar i både 2D og 3D, løyse likningar, ulikskapar og algebraiske uttrykk rett i Word eller OneNote. Andregradsfunksjonen til høgre er både teikna, derivert og integrert direkte i Word.


Bruk av videosnuttar i matematikkundervisninga var eit tema for fleire sesjonar. Gulleplevinnaren Roger Markussen presenterte sine erfaringar med omvendt undervisning. Kort sagt går dette ut på at han lagar videoar der han går gjennom nytt stoff i matematikk, og så gir han elevane i lekse å studere videoane. På den måten kan han nytte tida i klasserommet til oppgåveløysing, og til å samtale med elevane. Les meir om Roger Markussen og omvendt undervisning her.

NDLA og Kahn Academy vil samarbeide om å gjere videoane frå Kahn Academy lettare tilgjengelege for norske elevar og lærarar. Og her er ei anna side der ein kan finne videoar i matematikk. Desse er utvikla av ein frivillig organisasjon UDL (Utviklere av Digitale Læremidler), og er på norsk.

Wilhelm Egeland demonstrerte døme på korleis ein kan nytte digitale ressursar for å få ein god studieteknikk. Mellom anna kan ein nytte mobiltelefonen til å ta bilete, film eller som lydopptakar. Digitale tankekart kan lagast enkelt og gratis på nett: https://bubbl.us/. Tankekartet under er eit døme på korleis eit slikt tankekart kan sjå ut. Det er enkelt å redigere tekst, endre fargar og endre plassering på "boblene"




torsdag 10. mai 2012

Nasjonalt pilotprosjekt ved Hafstad vgs og Dale vgs

Hafstad vgs og Dale vgs set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å utnytte ny teknologi i undervisninga. Målet er å finne ut korleis den aller nyaste datateknologien, kombinert med godt tilpassa programvare, kan gje elevane endå betre læring. To skuleklassar, ein på Hafstad vgs og ein på Dale vgs, får kommande skuleår prøve ut "det komplette læringsbrettet". Dette kombinerer det mest moderne innanfor datautstyr, programvare og digitale læremiddel.

"Det komplette nettbrettet” er arbeidstittelen for prosjektet. Målsettinga er å gje eit digital løft for skulen, i første omgang for dei to skulane som samarbeider om prosjektet, og i neste omgang for fleire skular og klassar.
Dei «Digitale Innovatørane» Tor Egil Furevikstrand (Dale vgs) og Terje Torsheim (Hafstad vgs) er begge E-pedagogar, og har samarbeidd om prosjektet sidan februar i år. Onsdag 9. mai presenterer dei det nasjonalt i Trondheim. Det skjer på NKUL, ein nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring.
-Både internasjonale, nasjonale og lokale samarbeidspartnarar er med, og det er heilt avgjerande for å kunne realisere prosjektet økonomisk. Eg er kjempeglad for at vi får dette til, seier Tor Egil.
Sentralt i prosjektet er siste utgåve av nettbrett frå Samsung, supplert med det nyaste av programvare frå Microsoft og med tilpassa digitale læremiddel frå dei største lærebokforlaga, Gyldendal og Aschehoug. NDLA, som er eigd av fylkeskommunane, er også med. I tillegg til dei internasjonale og nasjonale samarbeidspartnarane kjem også samarbeid med lokalt næringsliv, mellom anna Sunnfjord Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Enivest. Så her er det mange som dreg lasset i lag.
Rektor Gro Fivelsdal ved Dale vgs ser fram til at skulen får eit digitalt løft med mykje nytt utstyr, tilpassa læremiddel og god læring på ein moderne måte.
-Det blir ein av førsteklassane våre på studiespesialisering som får vere med i prosjektet kommande skuleår, saman med lærarane i klassen. Det er utruleg spennande at ein liten skule som vår kan vere med på noko så nyskapande som dette, seier ho.
Også rektor ved Hafstad vgs, Grethe Øren, har store forventningar til prosjektet.
-Dersom erfaringane viser at bruk av eit avansert nettbrett fører til meir læring for elevane, må ein vurdere i kva grad det er muleg å satse endå meir på slike nettbrett i framtida.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sentralt er sjølvsagt også med. Rådgjevar Sture Førre er Opplæringsavdelinga sin mann i prosjektet.
Samarbeidspartane vil i praksis vise at dei tek samfunnsrolla på alvor og er samde om at det er svært viktig å investere i ungdom ved å gje dei best mogeleg opplæring.
Prosjektleiarane har laga eigen blogg der du kan finne meir informasjon: http://detkomplettenettbrett.wordpress.com/
På bloggen kan du også høyre Terje og Tor Egil bli intervjua på NRK1 Sogn og Fjordane om prosjektet.

Stor takk til Rune Dale for dette innlegget.